Kulturminne

Lindås kommune eig fleire kulturminne som på ulike måtar fortel om fiskarbonden og bondesamfunnet slik det var fram til 1900-talet.

Kulturminne som Lindås kommune eig

Roparhaugsamlinga

  • Stad: Roparhaugsamlinga er skilta langs Mykingvegen. 
  • Parkering: Det er parkeringsplass ca. 100 m frå huset. Det er ikkje tilgang til vatn eller toalett.
  • Opningstider: Etter avtale.
  • Kontaktperson: Kultureininga, ring kundesenteret vårt på telefonnummer 56 37 50 00.

Roparhaugsamlinga er ei kulturhistorisk samling etter Karl Øvretveit. Karl Øvretveit (1891–1984) var lærar, forfattar og skaparen av Roparhaugsamlinga på Øvretveit, som var barndomsheimen hans. Samlinga omfattar ei lemstove og ca. 2000 gjenstandar. Dette er husgeråd, tekstilar, reiskapar, bøker og fleire feler.

Lemstova har den opphavlege forma frå 1880-åra. Eldste delen av huset er litt eldre, frå ca. 1800. Huset blei flytt til Øvretveit i 1957 for å romme samlinga som ligg som ein del av eit privat tun der kommunen bygslar grunn.

Karl Øvretveit vaks opp i ein heim med eit levande folkemusikkmiljø, og faren Knut var felemakar. I perioden 1890–1920 var han den som laga flest feler på Vestlandet. Til saman laga han om lag 400 stykk.

Folkemusikktradisjonane hadde lenge vore levande i Karl si farsætt. Mellom anna var farfaren, Nils Mjåtveit, ein dugande spelemann. Også denne kultursoga kan ein sjå litt att av i Roparshaugsamlinga.

Husmannsplassen i Vikje

  • Stad: Staden er ikkje skilta.
  • Parkering: Det finst ikkje eigen parkeringsplass. Besøkjande står parkert langs E39. Det er ikkje tilgang til vatn eller toalett.
  • Opningstider: Etter avtale.
  • Kontaktperson: Kultureininga, ring kundesenteret vårt på telefonnummer 56 37 50 00.

Husmannsplassen i Vikje består av tun med stove, løebygning og naust. Lindås kommune eig bygningane, men leiger tomta. Det er inventar i huset, men ingenting er opphavleg.

Myntevika er det gamle kulturnamnet som er det rette namnet på plassen. Den første som fekk feste i Myntevika, var Ole Eikanger. Ei av jentene hans, Guri, gifta seg med Nils Hansen Eikanger. Dei fekk tre barn, Herman Nilsson Eikanger (f. 1883–d. 1957) var den yngste. Som enkemann gifta Nils seg seinare med Oline. Då Nils døydde i 1932, blei Herman buande saman med stemora si i Vikje. Etter at Herman døydde i 1957, har det ikkje budd folk på plassen.

Lindås kommune skal i samarbeid med Museumssenteret på Salhus gjere ein del utbetringsarbeid her vinteren 2016/2017.

Leivestad gard

  • Stad: Staden er ikkje skilta.
  • Parkering: Eigedommen er ikkje tilgjengeleg for publikum.
  • Opningstider: Det bur i dag folk i huset. Huset er derfor ikkje tilgjengeleg for publikum.
  • Kontaktperson: Kultureininga, ring kundesenteret vårt på telefonnummer 56 37 50 00.

På Leivestad eig Lindås kommune bygningane og arealet kring tunet. Her er tradisjonell lemstove, løebygning, eit lite uthus med verkstad og grue, potetkjellar og steingard med skinnflor i overgangen til utmarka.

Interiøret i bustadhuset er ikkje endra særleg etter andre verdskrig. Det er vanleg inventar og ein del interiørtekstilar i huset.

Gamlestova på Tveiten

  • Stad: Staden er ikkje skilta.
  • Parkering: Det er plass til 1–2 bilar utanfor Gamlestova. Det er ikkje tilgang til vatn eller toalett.
  • Opningstider: Etter avtale.
  • Kontaktperson: Kultureininga, ring kundesenteret vårt på telefonnummer 56 37 50 00.

Gamlestova på Tveiten er eit stovehus med to stover og gang. Ei grue er sett inn i den tidlegare røykstova.

Gamlestova er mykje brukt til møte og aktivitetar. Vi ønskjer at huset skal vere i bruk, og det er derfor ikkje nokon utstillingsstad for andre gjenstandar enn dei som kan vere i bruk.

Tinghuset på Lindås

  • Stad: Staden er ikkje skilta.
  • Parkering: På Lindås ungdomsskule – ca. 150 m frå det gamle tinghuset. Det er innlagt vatn og toalett i det gamle tinghuset.
  • Opningstider: Etter avtale.
  • Kontaktperson: Kultureininga, ring kundesenteret vårt på telefonnummer 56 37 50 00.

Tinghuset på Lindås er eit hus i sveitserstil bygd i 1883. Huset ligg i hjartet av det gamle Lindås, på nedre Lindås. Huset blei nytta til rettsadministrative formål.

Skulen har òg vore nytta til realskule, framhaldsskule, bibliotek og post. I dag huser det gamle tinghuset mellom anna Lindås rockeverkstad og utstillingslokale for «Heilt originalt».

Naust i Kvamsvågen, Alversund

  • Stad: Staden er ikkje skilta.
  • Parkering: Parkering langs veg.
  • Opningstider: Etter avtale.
  • Kontaktperson: Kultureininga, ring kundesenteret vårt på telefonnummer 56 37 50 00.

Tre naust ligg på gnr. 141 Nedre Kvamme. Arealet der nausta ligg, er til friluftsformål, og nausta er i kommunal eige. Nausta er oppførte i tørrmur, kring 5 x 7 m i storleik.

Alderen er ukjend, men murane kan vera både 200 og 400 år gamle. Dei to største og mest forseggjorde nausta har kulturhistorisk verdi.

Lindås kommune skal saman med Museumssenteret i Salhus setje i gang ei utbetring av nausta vinteren 2016/2017.

Kulturminne – freda, verna eller verneverdige

«Freda, verna eller verneverdig» er omgrep som ofte blir nytta i samband med kulturminne. «Freda» eller «verna» blir ofte brukte om kvarandre, mens verneverdig ofte blir brukt om noko som er verdt å ta vare på.

Freding er det sterkaste juridiske vernet eit kulturminne kan ha. Alle bygningar, bygningsrestar og kulturminne som er eldre enn frå år 1649, er automatisk freda.

Bygningar frå 1500–1600-talet er sjeldne, men vi veit at det er bygningar i Lindås kommune der delar er daterte tilbake til 1500–1600-talet, og der bygningen derfor automatisk er freda.

Alt gjenstandsmateriale frå før 1537 er staten sitt eige, og Universitetsmuseet i Bergen har ansvar for å ta vare på det. Folk pliktar å informere om og levere frå seg slikt materiale til Universitetsmuseet i Bergen.

Trykk her for å lese meir om freding på heimesida til Riksantikvaren.

Kva gjer du om du har ein gjenstand som du meiner kan vere verneverdig?

Lindås kommune har samarbeidsavtale med Norsk Trikotasjemuseum, som er del av Museumssenteret i Hordaland. I første omgang kan du ta kontakt med senteret for at dei skal kunne vurdere gjenstanden, og gi råd om korleis du kan gå fram vidare.

Kontaktinformasjon til Norsk Trikotasjemuseum: 

Kulturminne i Lindås kommune

Vi har fleire kulturminne i kommunen, eitt av dei er:

Den trondhjemske postvei

Den trondhjemske postvei blei til på oppfordring frå kongen. Statthaldar Hannibal Sehested sette i verk ordninga med fast postgang i Noreg i 1647. Dette var starten på postvegen.

I 1758 kom det ei ny forordning, og det blei stilt høgare krav til standarden på vegane. Nye vegar blei bygde, og dei gamle blei utbetra.

Posten kom med båt frå Tellevik i Åsane til Isdalstø. Så gjekk vegen vidare til Seim, Nese, Hundvin, Vågseidet og Fonnebostsjøen. Derifrå bar det med båt over fjorden til Postvågen i Gulen. I 1852 blei vegen på Nese lagd om.

Før hadde dei rodd posten frå Lotrebogane til Trælevikje. No blei vegen lagd til postbryggja på Nore Nese, og derifrå blei posten rodd heilt til Hundvin.

Då postvegen blei bygd, var det ikkje køyrevegar i Lindås. Det var mest stiar og tråkk som hadde forma seg gjennom tidene. Med postvegen kom ein ny æra i ferdselen.

No blei vegbygging noko som kravde fagleg kunnskap av høg standard. Det var byggjekunst av ein heilt ny dimensjon.

Brua ved Gaulen er frå denne tida og eit stolt minne frå historia om samferdsle. Det er andre minne knytt til brua også. Her skal Gjest Bårdsen ha gøymt ein stor skatt.

Automatisk freda kulturminne i Lindås

Det er til saman registrert over 100 automatisk freda kulturminne i Lindås kommune. Nokre av dei er:

Lurekalven

Av arkeologiske kulturminne er tuftene etter mellomaldergarden i Lurekalven ein av dei viktigaste utgravingsstadene på Vestlandet.

Håkonshaugen på Seim

Håkonshaugen har vore arkeologisk undersøkt i 1879 og 1958. Det er funne spor etter gravferd her, men det er ikkje gjort funn som kan stadfeste at haugen er knytt til Håkon 1. (920–960). Han skal etter tradisjonen vere gravlagd på Seim.

Etter utgravinga i 1958 blei haugen bygd om til slik han er i dag. Ni er haugen eit historisk gravminne etter Håkon den gode. Håkonshaugen på Seim er Lindås kommune sin tusenårsstad.

Seim gamle kyrkjegard kan ha vore den første kyrkjestaden i Nordhordland med ei kyrkje knytt til kongsgarden. Ei sikker kjelde viser til ei kyrkje her frå 1350-åra.

Myking kyrkjegard

Myking var kyrkjestad alt i mellomalderen. Av inventar som er bevart frå mellomalderkyrkja, finn vi døypefont i kleberstein, eit krusifiks og nokre rituelle kar.

Kyrkjegarden på Myking er frå mellomalderen og er automatisk freda. Han var i bruk fram til 1890-åra. Berre nokre få gravstøtter står no att, men små haugar vitnar om mange gravleggingar.


Sist oppdatert: 02.12.2018
Publisert: 10.09.2018