HeimNatur, kultur og fritidDen kulturelle skulesekken

Den kulturelle skulesekken

Lindås kommune får årlege tilskott frå Hordaland fylkeskommune til Den kulturelle skulesekken (DKS). I tillegg arrangerer Hordaland fylkeskommune ulike turnear til skulane rundt omkring i Hordaland. DKS skal bidra til profesjonelle kunst- og kulturopplevingar for elevar i grunnskulen. Som kommune ønskjer vi å leggje til rette for ulike typar tilbod på ulike kulturarena og i skulane.

Elevar og skular skal gjennom ordninga få oppleve, gjere seg kjent med og utvikle ei forståing for profesjonell kunst- og kulturuttrykk av alle slag. Kulturtilboda skal være av høg kvalitet og vise heile breden av kulturuttrykk:

  • Scenekunst
  • Visuell kunst
  • Musikk
  • Film
  • Litteratur

Kva skjer i Lindås kommune?

Trykk her for å sjå kva som skjer i Lindås kommune.

Kontakt oss

Eileen M. Feste, kulturkonsulent


Sist oppdatert: 16.10.2018
Publisert: 16.10.2018