Bibliotek

Finn ditt bibliotek

Lindås bibliotek har tre avdelingar:

  • Hovudbiblioteket ligg i Knarvik senter
  • Lindås filial finn du i Lindåshallen
  • Bokbussen Nyfiken besøkjer barnehagar og skular i kommunen

Strilabiblioteket

Vi samarbeider med Meland kommune om Strilabiblioteket. Biblioteka i Knarvik og på Frekhaug har derfor ulike hovudområde.

  • Biblioteket i Knarvik skal vere eit bibliotek for kunnskap og oppdaging. Her finn du fleire bøker om fag, fakta og hobby.
  • Biblioteket på Frekhaug skal vere eit bibliotek for kultur og oppleving. Her finn du mest romanar og forteljingar.

Det er transport mellom biblioteka fleire gonger i veka.

Kva skjer på biblioteket?

Biblioteket har ein del «faste» arrangement, som til dømes språkkafé, eventyrstund og laurdagskonsert. I tillegg har biblioteket foredrag, bokslepp, forfattarmøte og samtalar.

Trykk her for å lese programmet for hausten 2018

Kva kan du gjere hos oss?

Låne bøker, sjølvsagt! 

På "Mine sider" kan du logge deg inn med lånekortnummer og pin-kode. Her får du oversikt over låna dine. Du kan også fornye og reservere bøker, og oppdatere personlege opplysningar.

Du kan i tillegg:

  • låne og spele på Playstation (berre i Knarvik)
  • låne datamaskin
  • skrive ut, skanne og kopiere dokument (lenkje til prisar)
  • kople deg til gratis wifi
  • lese på biblioteket
  • låne biblioteket som møterom (lag og organisasjonar)

Opningstider

Meir informasjon om tilboda våre, opningstider, boktips, aktuelle artiklar og arrangement, finn du på heimesida til biblioteka.

Bli ein lånar
  • Ta med deg legitimasjon på biblioteket.
  • Ta kontakt med ein tilsett på biblioteket, og be om hjelp til å bli registrert.
  • Du kan velje mellom eit lokalt eller eit nasjonalt lånekort. Det lokale lånekortet gjeld for alle biblioteka i Nordhordland, medan det Nasjonale lånekortet kan du bruke på alle bibliotek i Noreg. Vi må registrere personnummeret ditt om du vil ha eit Nasjonalt lånekort.

Barn låner på foreldra sitt kort fram til dei startar på skulen. Då får barna eit eige kort som ligg på skulen, og vert brukt på skulebiblioteket og bokbussen. Det er mogeleg å få eit ekstra lånekort som barna kan bruke på biblioteket på fritida.

Lånekort på mobil

Det er mogeleg å låne bøker via smarttelefonen i Knarvik. Det du treng då er ein QR-kodelesar og lånekortnummeret og pin-koden din.

Det er også mogeleg å få tilgang til katalogen, låna og lånehistorikken din via mobilen.

Trykk her for å få biblioteket inn på mobilen din.

Kva kostar det?

Det første lånekortet er gratis, og barn under 15 år får to lånekort gratis. Viss du mistar lånekortet ditt, må du betale 20 kroner for å få eit nytt kort. Er du under 15 år, treng du berre å betale 10 kroner for eit nytt lånekort.

Ver vennleg å ta kontakt med biblioteket om du skiftar adresse, mobilnummer eller e-post.

Lånetid

Det er gratis og inga avgrensing for kor mykje du kan låne på biblioteket.

Lånetida varierer frå:

  • Fire veker for bøker, lydbøker, tidsskrift og cd-ar.
  • Éi veke for dvd-ar og snøgglånsbøker (eit utval av dei mest populære bøkene).
  • Lånetida på materiale bestilt frå andre bibliotek utanfor Nordhordland kan variere.
  • Det siste nummeret av alle tidsskrift og aviser er ikkje til utlån.

Vil du fornye lånet ditt?

Det er mogeleg å fornye det du har lånt to ganger, viss ikkje andre har reservert det.

Du kan fornye låna via automatane i biblioteket, e-post, telefon eller via heimesida til biblioteket

Vil du reservere eller bestille?

Det er mogeleg å reservere materiale som er utlånt eller under innkjøp.

Dette kan du gjere i biblioteket, eller via heimesida vår.

Der kan du bestille materiale frå alle biblioteka i Nordhordland. For å bestille materiale frå andre norske bibliotek, må du ta kontakt med biblioteket.

Når materialet som du har reservert eller bestilt kjem til biblioteket, blir det sendt ut ein sms, e-post eller eit brev til deg.

Slik leverer du

Lever materialet på automaten i biblioteket.

Viss biblioteket i Knarvik er stengt, kan du levere materialet i ei luke ved sida av inngangsdøra. Det er mogeleg å levere inn materiale som høyrer til andre norske bibliotek i Knarvik/Lindåshallen.

Viss du ynskjer det, så kan du få ei påminnning på sms, når lånetida held på å gå ut.

Purring

Viss du ikkje leverer innan fristen, får du purring.

For dei under 15 år kostar ikkje purringane noko.

Er du over 15 år må du betale:

  • 10 kroner når vi purrar første gang
  • 20 kroner når vi purrar andre gang
  • 100 kroner når vi purrar tredje gang

Om du ikkje leverer materiale etter tre purringar, sender vi erstatningskrav for det du har lånt. Erstatningskravet er på det som materialet kostar, i tillegg til purregebyret.

Erstatningskrav gjeld både for dei som er under og over 15 år.

Utvida opningstid

Biblioteket i Knarvik er meirope. Det vil seie at du kan kome inn på biblioteket når personalet ikkje er til stades. For å få tilgang til meirope bibliotek, må du skrive under ein kontrakt.

Trykk her for å laste ned kontrakten.

Biblioteket i Lindåshallen er meirope når hallen er open. I Lindåshallen treng ein ikkje kontrakt for å nytte biblioteket når personalet ikkje er der.Hugs å ta med lånekort.

E-bøker, e-tidsskrift, e-aviser og filmar

Biblioteket låner ut e-bøker via appen eBokbib. For å låne e-bøker, treng du ein smarttelefon eller eit nettbrett som brukar iOS eller Android operativsystem, lånekort og pin-kode.

Det er gratis å låne e-bøker og dei blir leverte inn av seg sjølv når lånetida er ute. Personalet kan hjelpe deg i gang med dette. Du kan låne e-bøker kvar som helst i verda. Alt du treng er internettilgang.

Biblioteket tilbyr e-tidsskrift og e-aviser på mange ulike språk via appen PressReader. For å få tilgang til desse avisene og tidsskriftene, må du kome på biblioteket og vere på biblioteket sin wi-fi.

Du har då automatisk tilgang til avisene og tidsskriftene i 72 timar. Etter 72 timar kan du kome på biblioteket att og då vil du få tilgang i 72 nye timar. Det er også mogeleg å lese desse avisene og tidsskrifta på biblioteket sine pc-ar.

Biblioteket tilbyr gratis streaming og nedlasting av norsk kort- og dokumentarfilm. Desse finn du i appen Filmbib eller streaming via nettsida www.filmbib.no. Du treng eit Nasjonalt lånekort og pin-kode for å logge deg på tenesta.


Sist oppdatert: 05.12.2018
Publisert: 20.08.2018