HeimSkatt, næring og landbrukSøkje næringsfond og andre støtteordningar

Søkje næringsfond og andre støtteordningar

Næringsfondet i Lindås

Næringsfondet i Lindås er eit verkemiddel for å fremje og styrke næringslivet i kommunen.

Vi støttar tiltak som går til bedriftsutvikling og bedriftsetablering og kommunen sitt eige arbeid med næringsutvikling.

Vi prioriterer særleg:

  • Utviklingstiltak i nye/eksisterande bedrifter som kan føra til økt sysselsetting
  • Flytte- og omlokaliseringstilskott (for verksemder som etablerer seg i kommunen)
  • Prosjekt med klar samfunnsnytte, relevans og aktualitet

Trykk her for å laste ned og lese retningslinene og sjå kva kriterer vi vurderer søknaden din etter.

Slik søkjer du

Trykk her for å gå til det elektroniske søknadsskjemaet vårt.

Ønskjer du å diskutere om prosjektet ditt kan passe inn i retningslinene til næringsfondet?

Ta kontakt med sakshandsamar Tor Kyrre Hegle

E-post: Tor.Hegle@lindas.kommune.no

Søknadsfrist

Vi har to søknadsfristar i året: 1. mars og 1. oktober.

Kva skjer vidare?

  • Søkjer du prosjektstøtte på inntil 50.000 kroner, kan administrasjonen handsame søknaden din.
  • Søkjer du prosjektstøtte på over 50.000 kroner skal politikarane ta stilling til søknaden.

Utbetaling av tilskott?

Har du fått innvilga støtte og har spørsmål om utbetalinga?

Ta kontakt med Jorunn Fosse på jkf@lindas.kommune.no

Etablerarfond for Bergensregionen

Tilskotet skal bidra til gjennomføring av tiltak i tidleg oppstartfase, og gi gründaren kompetanse om marknad og økonomi.

Bergensregionen omfattar kommunane Askøy, Austrheim, Bergen, Fedje, Fjell, Fusa, Gulen, Masfjorden, Lindås, Meland, Modalen, Os, Osterøy, Radøy, Samnanger, Sund, Vaksdal, Voss og Øygarden.

Slik søkjer du

På heimesida til Hordaland fylkeskommune kan du lese meir om fondet og korleis du går fram for å søkje.

Alle søknadar blir handsama fortløpande. Det er ingen søknadsfrist.

Kven kan søkje?

Målgruppa er etablerarar og ny næringsverksemd som fell utanfor Innovasjon Noreg si ordning med «etablerartilskot til gründerbedrifter med vekstambisjonar og ein forretningsidé som representerer noko vesentleg nytt i marknaden».

Andre støtteordningar

Det finst fleire støtteordningar for deg som startar eller utviklar ei bedrift. Her er ei samling av fleire.

Altinn.no har ei oversikt over ulike støtteordningar – anten du er i oppstartfasen eller ønskjer å utvikle ein etablert bedrift.

Hordaland fylkeskommune har ei rekkje tilskotsordningar. LivOGLyst-programmet og Regionalt utviklingsprogram (RUP) er to av programma du kan søke om midlar frå. Førstnemnde støttar tiltak for bulyst og entrepenørskap. RUP gir medfinansiering til ulike utviklingsprosjekt, ikkje til drift/etablering.

Innovasjon Norge tilbyr lån, tilskot og garantiar. Lista over dei ulike programma er lang. Driv bedrifta di med forsking og utvikling? Då er SkatteFUNN-ordninga det rette for deg. Her kan du få inntil 20 prosent fråtrekk på skatten.

Regionalt næringsfond støttar nye, regionale utviklingstiltak. Næringsfondet prioriterer tiltak som gjev nytte for fleire enn ein kommune. Det er mulig å søke om midlar til infrastrukturtiltak, tilrettelegging for næringsutvikling og bedriftsstøtte.


Sist oppdatert: 03.12.2018
Publisert: 01.08.2018