Nordhordland kemnerkontor

 

Opningstid og kontaktinformasjon

Opningstid

Frå klokka 08.00 til 15.30.

Kontaktinformasjon

E-post: post@nhkemner.no
Telefon: 56 37 50 28

Besøksadresse

Burkhovdane 5,
5914 Isdalstø

Postadresse

Nordhordland kemnerkontor
v/Lindås kommune,
Kvernhusmyrane 20
5914 Isdalstø

Våre tenester

Nordhordland kemnerkontor utfører skatteoppkrevjarfunksjonen for Lindås, Meland, Modalen, Radøy og Osterøy. 

Kontoret skal ivareta dei oppgåvene det lokale skatteoppkrevjarkontoret hadde, som mellom anna er:

  • innkrevjing av skatt og arbeidsgjevaravgift
  • innkrevjing av eigedomsskatt og kommunale gebyr
  • føring av skatterekneskap for kommunane
  • informasjon om skattetrekk og arbeidsgjevaravgift
  • arbeidsgjevarkontroll
Arbeidsgjevar

Mine krav og betalingar

Oversikt over gjeld, tilgodehavande og inn- og utbetalingar mellom deg og kemnerkontoret finn du her.

 

Dersom du treng attest for skatt og meirverdiavgift finn du det på lenkja under.

Skatteattest/attest for skatt og meirverdiavgift

 

Betalingsinformasjon

Kontonummer for å betale skatt og arbeidsgjeveravgift:

  • Lindås: 63450612636
  • Modalen: 63450612520
  • Osterøy: 63450612539
  • Meland: 63450612563
  • Radøy: 63450612601

KID lagar du her

Dersom du skattar til ein annan kommune finn du kontonummeret til denne kommunen ved å søkje her.

 

Plikter for arbeidsgjevarar

Når du er arbeidsgjevar pliktar du mellom anna å føreta skattetrekk i løna og hente skattekort til dine tilsette. Som arbeidsgjevar pliktar du og å levere a-melding. Les meir om dine pliktar som arbeidsgjevar og korleis du skal oppfylle dei her.

 

Søkje om fritak frå solidaransvar

Når en arbeidstakar blir leigd ut til andre, har både oppdragsgjevar (den som leiger inn) og oppdragstakar (den som leiger ut) ansvar for at arbeidsgjevarpliktene blir overhaldne. Dette blir kalla solidaransvar. Oppdragsgjevar og oppdragstakar har eit felles ansvar for å berekne og betale forskotstrekk og arbeidsgjevaravgift, og for å sende inn a-meldingar. Skattemyndigheitene kan forhalde seg til både oppdragsgjevar og oppdragstakar ved innkrevjing. Enkeltpersonføretak blir og omfatta av reglane om solidaransvar dersom dei driv med arbeidsutleie.

Oppdragsgjevar og oppdragstakar kan avtale kven av dei som skal ha arbeidsgjevaransvaret, men ein slik avtale frigjev ikkje den andre for ansvar ovanfor det offentlege. Fritak frå arbeidsgjevaransvaret kan berre bli løyva av kemnerkontoret etter søknad. Det må søkjast før arbeidet startar. Det kan ikkje gjevast fritak bakover i tid.

Fritak frå solidaransvar kan løyvast for varigheita til kontrakta, men maksimalt for eitt år. Dersom avtalen varar lengre må det søkjast om forlenging innan utløp av fritaksperioden.

 

Søknad om fritak frå solidaransvar sender du elektronisk i eit digitalt skjema. Om søknaden gjeld generelt fritak eller enkelt fritak/utvida enkelt fritak vel du i det digitale skjemaet.

Du kan lese meir om dei ulike formane for fritak under:

1. Enkelt fritak kan løyvast dersom avtalen mellom oppdragsgjevar og oppdragstakar går ut på at konkrete namngjevne personar skal leigast ut i en bestemt periode. Fritaket vil då berre gjelde dei arbeidstakarane som er spesifiserte i avtalen.

Ein søknad om enkelt fritak må innehalde følgjande vedlegg:

Kopi av avtalen mellom oppdragsgjevar og oppdragstakar. Avtalen må vise varigheita på oppdraget. 
Dersom det ikkje går fram av ovannemnde avtale, må det i tillegg leggjast fram dokumentasjon på kven som etter avtalen mellom partane skal ivareta pliktane som arbeidsgjevar for dei utleigde tilsette.
Det må i tillegg til det ovannemnde leggjast fram ei stadfesting frå revisor/rekneskapsførar eller bank om at oppdragsgjever oppfyller vilkåra etter skattebetalingslova § 5-12 om oppbevaring av skattetrekk.

 

2. Utvida enkelt fritak kan løyvast dersom avtalen mellom oppdragsgjevar og oppdragstakar går ut på at det skal leigast ut tilsette i ein bestemt periode, men utan at det er bestemt kva konkrete personar dette skal vere.

Ein søknad om utvida enkelt fritak må innehalde følgjande vedlegg:

Kopi av avtalen mellom oppdragsgjevar og oppdragstakar. Avtalen må vise varigheita på oppdraget. 
Dersom det ikkje går fram av ovannemnde avtale, må det i tillegg leggjast fram dokumentasjon på kven som etter avtalen mellom partane skal ivareta pliktane som arbeidsgjevar for dei utleigde tilsette.
Det må i tillegg til det ovannemnde leggjast fram ei stadfesting frå revisor/rekneskapsførar eller bank om at oppdragsgjevar oppfyller vilkåra etter skattebetalingslova § 5-12 om oppbevaring av skattetrekk.

 

3. Generelt fritak kan bli løyva for selskap som driv med utleige av arbeidskraft, typisk vikarbyrå. Oppdragstakar må vere registrert i Arbeidstilsynet sitt register for bemanningsføretak

Løyva fritak gjeld for alle oppdragsgjevarane i fritaksperioden.

Ein søknad om generelt fritak må innehalde stadfesting frå revisor/rekneskapsførar eller bank om at oppdragsgjevar oppfyller vilkåra etter skattebetalingslova § 5-12 om oppbevaring av skattetrekk.

 

Søkje om å omdisponere skattetrekksmidlar

Utan skatteoppkrevjaren sitt samtykke, kan kontohavar ikkje disponere over skattetrekkskontoen på annan måte enn ved overføring til skatteoppkrevjaren eller ved å overføre midlane til skattetrekkskonto i annan bank. Bankane pliktar å hindre ulovleg disponering av skattetrekkskonto.


Samtykke til overføring til annan konto som høyrer til selskapet kan gjevast etter skriftleg søknad. Ein søknad må innehalde følgjande opplysningar:


1. Arbeidsgjevar sitt namn og organisasjonsnummer

2. Ein kontoutskrift frå skattetrekkskontoen, eller annan stadfesting frå banken, som viser saldo per i dag.

3.  Kontonummer, skattetrekkskonto og namn på banken

4. Kontonummer til kontoen det skal overførast til og namn på banken. Det må i tillegg dokumenterast at denne kontoen høyrer til selskapet.


Samtykke til overføring frå skattetrekkskontoen til annan konto enn skattetrekkskonto vil normalt bli gjeve så lenge inneståande på skattetrekkskontoen til ei kvar tid dekkjer arbeidsgjevar sitt laupande trekkansvar.


Søknad om å omdisponere skattetrekksmidlar skal sendast til postadressa vår:

Nordhordland kemnerkontor
 v/ Lindås kommune
 Kvernhusmyrane 20
 5914 Isdalstø

Pengar tilgode – endre eller registrere konto

Har du ikkje registrert eller ønskjer å bytte kontonummer til utbetaling av skattepengar? Bruk dette skjemaet:

Skjema for registrering av bankkonto

Fyll ut og signer skjemaet. Pass på at du legg ved følgjande dokumentasjon før du sender det til oss:

  • dokumentasjon på det er din konto eller at du har disposisjonsrett
  • kopi av legitimasjon med bilete og signatur

Det er ikkje trygt å sende sensitive opplysningar på e-post. Difor ber vi deg om å skjema med nødvendig dokumentasjon til:

Nordhordland kemnerkontor,
v/Lindås kommune
Kvernhusmyrane 20,
5914 Isdalstø


Sist oppdatert: 22.03.2019
Publisert: 14.11.2018