Etablerarhjelp

Treng du hjelp til å etablere verksemda di? Ta gjerne kontakt med næringssjefen vår. Elles finst det mange gode hjelparar i regionen og fylket vårt. Her finn du eit utval aktørar.

Altinn.no har samla det du treng å vite for å starte og drive di eiga bedrift.

Hordaland fylkeskommune har utvikla ein eigen vegvisar for nyskaping i Hordaland, Kom-an.no. Lurar du på kven dei ulike aktørane i fylket er, er dette ein god start. Her finn du oversikt og hjelp til det meste.

Industriutvikling Vest er eit utviklingsmiljø for både gründerar og etablerte bedrifter. Her får du tilbakemelding på den gode ideen din, og kan søke om midlar til å gjennomføre eit utviklingsprosjekt.

Nordhordland Næringslag er ein interesseorganisasjon for bedrifter som driv med handverk, industri og tenesteyting i Nordhordland og Gulen. Industrilaget har 250 medlemsbedrifter.

Nordhordland Næringshage er eit utviklingsmiljø for næringar som driv med reiseliv, kultur og opplevingar. Treng du kontorplass og ønskjer å vere del av eit større kompetansemiljø, kan dette vere staden for deg. Her finst i tillegg prosjektmidlar til bedrifter i etableringsfasen.

Region Nordhordland har ei rekkje tilbod for etablerarar. Gjennom regionrådet kan du melde deg på ulike kurs, delta på temasamlingar eller møte andre gründerar.


Sist oppdatert: 13.11.2018
Publisert: 01.08.2018