HeimHelse, sosial og omsorgSøkje helse- og omsorgstenester

Søkje helse- og omsorgstenester

Slik søkjer du

Trykk her for å laste ned søknadsskjemaet for helse- og omsorgstenester

I søknaden må du skildre behovet ditt og grunngje kvifor du søkjer.

Sidan søknaden inneheld opplysningar om helsetilstanden din, er det ikkje trygt å sende søknaden på e-post. Lever søknaden og vedlegga på rådhuset i Knarvik eller send dei til:

Lindås kommune, Forvaltningskontoret
Kvernhusmyrane 20
5914 Isdalstø

Kva skjer vidare?

  • Vi vurderer søknaden din, og finn det tilbodet som passar best for deg.
  • Vi tar kontakt med deg dersom vi treng fleire opplysningar eller ønskjer å besøke deg.
  • Vi prøver å svare deg innan fire veker. Dersom vi ikkje klarer det, tar vi kontakt med deg og fortel kor lang tid det vil ta før du får svaret.

Søknadsfrist

Vi har søknadsfrist på nokre av helse- og omsorgstenestene våre. Dei fleste tenestene er det ingen søknadsfrist på. Desse søknadane behandlar vi etter kvart som dei kjem inn til oss.

Les meir om tenesta som er aktuell for deg, for å sjå kva som gjeld for nettopp dette tilbodet.

Kontakt forvaltningskontoret

Vi har ope kvardagar mellom klokka 08.00 og 15.00.

Hugs at det ikkje er trygt å sende informasjon om helsetilstand eller andre sensitive opplysningar på e-post.

Vil du klage?

Trykk her for å lese korleis du kan klage på eit vedtak eller tilbodet du får.


Sist oppdatert: 06.11.2018
Publisert: 12.07.2018