Følgjebevis

Slik søkjer du om, eller fornyar du følgjekortet
  1. Trykk her for å laste ned søknadsskjemaet for følgjekort
  2. Trykk her for å gå til elektronisk søknadsskjema for følgjekort.

  3. I søknaden må du skildre behovet ditt og grunngje kvifor du søkjer
  4. Legg ved eit passfoto. Om du søkjer elektronisk kan du laste opp eit passfoto som vedlegg til den digitale søknaden din. Søkjer du på papir, må du legge ved eit fysisk passfoto.
  5. Dersom du er ny/ukjent for kommunen så bør du legge ved erklæring om behov for følgje frå anten primærlege, legespesialist, offentleg godkjent helseinstitusjon. (Bruk gjerne kommunen sitt papirskjema som på side 2 har skjema for slik erklæring).
  6. Sidan søknaden inneheld opplysningar om helsetilstanden din – ikkje send søknaden på e-post
  7. Send søknaden og vedlegga til
  8. Dersom du har mista følgjebeviset må de melde det tapt til politiet. Send oss kopi av tapsmeldinga og eit nytt passfoto, så lager vi til nytt følgjebevis til deg.
Søknadsfrist

Det er ikkje søknadsfrist for følgjekort. Vi behandlar alle søknadar etter kvart som dei kjem inn til oss.

Kva kostar det?

Det kostar ikkje noko å få følgjekort. Du må kjøpe billett til deg sjølv på vanleg måte, men kan ta med eit gratis følgje der dei godtar ordninga.

Kva får du?

Du får eit bevis som gir den som føl deg gratis inngang til alle kulturinstitusjonar, arrangement og transportselskap som godtek ordninga. Du må ta direkte kontakt med arrangøren eller verksemda for å høyre om dei godtar ordninga.

Krav til søkjar
  • Du må ha nedsett funksjonsevne av minst 2-3 års varighet
  • Kommunen har ikkje alderskrav for å få følgjebevis
  • Du må ha behov for følgjeperson/personassistanse for å delta på kultur- og fritidsarrangement eller nytte offentleg transport.
  • Dersom du er ny/ukjent for kommunen så bør du legge ved erklæring om behov for følgje frå anten primærlege, legespesialist, offentleg godkjent helseinstitusjon. (Bruk gjerne kommunen sitt papirskjema som på s. 2 har skjema for slik erklæring).
  • Du må legge ved eit passfoto
  • Trykk her for retningslinje for tildeling av følgjebevis 
Kontakt oss

Vi har ope kvardagar mellom klokka 09.00 og 15.00. Telefontid er mellom klokka 10.00 og 12.00

Hugs at det ikkje er trygt å sende informasjon om helsetilstand eller andre sensitive opplysningar på vanleg e-post.

Slik klagar du 

Trykk her for å lese korleis du kan klage på eit vedtak eller tilbodet du får.


Sist oppdatert: 30.06.2023
Publisert: 13.07.2018