HeimHelse, sosial og omsorgNedsett funksjonsevneSøkje brukarstyrt personleg assistanse - BPA

Søkje brukarstyrt personleg assistanse - BPA

Har du nedsett funksjonsevne og treng hjelp i kvardagen, kan du søkje om brukarstyrt, personleg assistanse (BPA).

Du som søkjer må ha eit langvarig og stort behov for hjelp.

Slik søkjer du

Trykk her for å laste ned søknadsskjemaet for helse- og omsorgstenester

I søknaden må du skildre behovet ditt og grunngje kvifor du søkjer.

Sidan søknaden inneheld opplysningar om helsetilstanden din, er det ikkje trygt å sende søknaden på e-post. Lever søknaden og vedlegga på rådhuset i Knarvik eller send dei til:

Lindås kommune, Forvaltningskontoret
Kvernhusmyrane 20
5914 Isdalstø

Kva skjer vidare?

  • Vi vurderer søknaden din, og finn det tilbodet som passar best for deg.
  • Vi tar kontakt med deg dersom vi treng fleire opplysningar eller ønskjer å besøke deg.
  • Vi prøver å svare deg innan fire veker. Dersom vi ikkje klarer det, tar vi kontakt med deg og fortel kor lang tid det vil ta før du får svaret.

Slik vel du assistent

I Lindås kommune har vi avtale med to private leverandørar, som kan ta arbeidsgjevaransvar for assistenten din. Du kan velje å ha kommunen som arbeidsgjevar, men vi rår deg til å velje ein av dei to private.

Vi har avtale med HjemmeBest og Uloba.

Her kan du lese meir om HjemmeBest:

Trykk her for laste ned informasjonsskriv om HjemmeBest
Trykk her for å gå til heimesida til HjemmeBest

Her kan du lese meir om Uloba:

Trykk her for laste ned informasjonsskriv om Uloba
Trykk her for å gå til heimesida til Uloba

Sjølv om du vel å få hjelp frå eit privat selskap, er det kommunen som er ansvarleg for å følgje opp kvaliteten på tenesta du får.

Kva kostar det?

Den personlege hjelpa er gratis. Får du hjelp til praktisk husarbeid i heimen din, må du betale ein eigenandel.

Det er den samla inntekta til husstanden din som avgjer kor mykje du skal betale.

Grunnbeløp

Timesats

Utgiftstak

Under 2G 200 kroner per månad 200 kroner
2-3 G 257 kroner per time 828 kroner
3-4 G 325 kroner per time 1590 kroner
4 G og over 393 kroner per time 1970 kroner

Les meir

Trykk her for å laste ned eit rundskriv frå Helse- og omsorgsdepartementet om BPA.

Kontakt

Vi har ope kvardagar mellom klokka 08.00 og 15.00.

Hugs at det ikkje er trygt å sende informasjon om helsetilstand eller andre sensitive opplysningar på e-post.

Slik klagar du

Trykk her for å lese korleis du kan klage på eit vedtak eller tilbodet du får.


Sist oppdatert: 23.10.2018
Publisert: 13.07.2018