Omsorgsstønad

Søkje omsorgsstønad

Du kan søke omsorgsstønad dersom du har særleg tyngande omsorgsarbeid i heimen. Omsorgsstønad er det vi tidlegare kalla for omsorgslønn.

Målet er at familien kan halde fram å ha omsorg for sine næraste. Vedtak om hjelpestønad blir samordna med omsorgsstønad og anna form for avlasting.

Slik søkjer du

Trykk her for å laste ned søknadsskjema for helse og omsorgstenester

I søknaden må du skildre behovet ditt og grunngje kvifor du søkjer.

Sidan søknaden inneheld opplysningar om helsetilstanden din, er det ikkje trygt å sende søknaden på e-post på vanleg måte.

Trykk her for å få meir informasjon om korleis du kan sende søknaden elektronisk på ein trygg måte.

Du kan også:

  • levere søknaden og vedlegga på innbyggjarservice i Knarvik, på Frekhaug eller Manger
  • sende søknaden med posten til Alver kommune, Forvaltningskontoret, Postboks 4, 5906 Frekhaug

Desse spørsmåla må du svare på i søknaden:

  • Kor mange timar per månad brukar du på omsorgsarbeidet?
  • Er arbeidet meir fysisk eller psykisk tyngande?
  • Førar omsorgsarbeidet til mykje arbeid om natta?
  • Yter du omsorgsarbeid i periodar eller heile tida?
  • Fører omsorgsarbeidet til sosial isolasjon og mangel på ferie og fritid?
  • Har du omsorg for meir enn ein person?
Kva får du?
  • Du får godtgjersle for dei timane vi gir deg til pleie- og omsorgsarbeid i heimen kvar månad.
  • Du får kontrakt med opplysningar om timar per veke, lønn og andre vilkår.
Krav til søkjar
  • Han eller ho som mottar omsorg må bu heime.
  • Arbeidet må vere særleg tyngande og gjelde nødvendige oppgåver.
  • I lag med oss, må du vurdere om omsorgsstønad er det beste alternativet saman med eventuelt andre hjelpetiltak.
  • Dersom du ikkje har søkt om hjelpestønad frå NAV, må du søkje om dette.
Kva skjer vidare?
  • Vi prøver å svara deg innan 4 veker. Dersom vi ikkje klarar det, tar vi kontakt med deg og fortel kor lang tid det vil ta før du får svaret.
  • Vi tar kontakt med deg dersom vi treng fleire opplysningar eller ønskjer å besøka deg.
Kontakt oss

Vi har ope kvardagar mellom klokka 09.00 og 15.00. Telefontid er mellom klokka 10.00 og 12.00

Hugs at det ikkje er trygt å sende informasjon om helsetilstand eller andre sensitive opplysningar på vanleg e-post.

Slik klagar du

Trykk her for å lese korleis du kan klage på eit vedtak eller tilbodet du får.


Sist oppdatert: 06.09.2021
Publisert: 08.06.2018