HeimHelse, sosial og omsorgMiljøretta helsevern

Miljøretta helsevern

Både private og tilsette i offentleg og privat sektor kan kontakta teknisk-hygienisk ingeniør ved spørsmål om helse og miljø.

Kontaktinformasjon

Teknisk-hygienisk ingeniør - Miljøretta helsevern Grethe Elin Mjelde
E-post: mjge@lindas.kommune.no
Telefon: 56 37 57 70/ 950 19 609

Besøksadresse: Nordhordlandshallen. Kvernhushaugane 24, 5914 Isdalstø

Arbeidsoppgåver - Miljøretta Helsevern

Arbeidsoppgåver - Miljøretta helsevern

Våre faste oppgåver er systembasert tilsyn med skular, barnehagar, basseng, boblebad, tatoveringsverksemder og solarium. Vidare fører vi tilsyn ved behov ved enkelte andre verksemder som til dømes frisørar og campingplassar. Andre arbeidsoppgåver er klagehandsaming innan støy, forureining m.m.

Alle verksemdene som vi driv tilsyn med har plikt til å melde frå til oss ved oppstart og ved vesentlege endringar. Vidare må enkelte av verksemdene søke om godkjenning ved oppstart og vesentlege endringar. Dette gjeld skular, barnehagar, tatoveringsverksemder, basseng og boblebad. 

Arbeidsoppgåver og tema knytt til miljøretta helsevern: 

  • Godkjenning og tilsyn ved barnehagar og skular.
  • Tilsyn ved badebasseng, badstu og boblebad.
  • Tilsyn og rådgjeving i høve drikkevasskjelder.
  • Tilsyn og godkjenning ved bruk av slam.
  • Tilsyn med skadedyrbekjemparar.
  • Klagehandsaming i høve til grunn- og luftureining.
  • Klagehandsaming i høve til støy.
  • Rådgjeving i høve radon.
  • Tilsyn og klagehandsaming i høve til røykelova.
  • Godkjenning av og tilsyn ved frisør- og hudpleiesalongar, tatoveringsverksemder og solstudio.
  • Rådgjeving for å ivareta helsemessige omsyn i arealplanlegginga.
  • Overvaking av vasskvalitet ved badeplassar, badevassprøver.
  • Tilsyn ved campingplassar, leirplassar, asylmottak m.m.
  • Overvaking av potensielle smittekjelder som til dømes kjøletårn.

Sist oppdatert: 10.01.2019
Publisert: 09.01.2019