HeimHelse, sosial og omsorgSøkje om individuell plan og koordinator

Søkje om individuell plan og koordinator

Dersom du har behov for fleire helse- og omsorgstenester over lengre tid, har du rett til å få utarbeidd ein individuell plan dersom du ønskjer det. Planen skal sikre at du får eit heilskapleg tenestetilbod tilpassa akkurat deg.

Slik søkjer du om individuell plan

  1. Trykk her for å laste ned søknadskjema for individuell plan og koordinator.
  2. I søknaden må du skildre behovet ditt for individuell plan og koordinator.
  3. Det er du som treng hjelp, eventuelt pårørande med fullmakt, som skal skrive under søknaden.
  4. Send søknad med eventuelle vedlegg til Lindås kommune, Forvaltningskontoret, Kvernhusmyrane 41. 5914 Isdalstø.

Kva skjer vidare med søknaden din?

Forvaltningskontoret vil handsame søknaden så snart det er mogleg. Dersom du fyller vilkåra for individuell plan eller koordinator vil forvaltningskontoret ta stilling til kva tenesteområde som skal få ansvar for å oppnemne ein koordinator.

Dersom vi ikkje kan gi deg eit endeleg svar innan ein månad, skal du få skriftleg melding om grunnen til det og når du kan vente eit endeleg svar.

Kva er ein nettbasert individuell plan?

Lindås kommune har valt å ta i bruk eit digitalt verktøy til individuell plan.

Deltakarane som samarbeider om planen, kan logge seg inn i verktøyet på internett, lese planen og bidra til planarbeidet. Du som eig planen skal ilag med koordinator avklare kven andre som får tilgang til planen din.

Når planen er sett i verk, vil dei som skal ha tilgang til planen få tildelt brukarnamn og passord.

Kontakt oss

Vi har ope kvardagar mellom klokka 08.00 og 15.00.

Hugs at det ikkje er trygt å sende informasjon om helsetilstand eller andre sensitive opplysningar på e-post.


Sist oppdatert: 15.11.2018
Publisert: 12.07.2018