Heimehjelp

Slik søkjer du 

Trykk her for å laste ned søknadsskjema for helse og omsorgstenester

I søknaden må du skildre behovet ditt og grunngje kvifor du søkjer.

Sidan søknaden inneheld opplysningar om helsetilstanden din, er det ikkje trygt å sende søknaden på e-post på vanleg måte.

Trykk her for å få meir informasjon om korleis du kan sende søknaden elektronisk på ein trygg måte.

Du kan også:

  • levere søknaden og vedlegga på innbyggjarservice i Knarvik, på Frekhaug eller Manger
  • sende søknaden med posten til Alver kommune, Forvaltningskontoret, Postboks 4, 5906 Frekhaug
Kva kostar det?

Det er den samla inntekta til husstanden din som avgjer kor mykje du må betale for heimehjelpa.

På rekninga du får frå kommunen vil du oppdage at vi berre brukar timeprisen om dette blir rimelegast for deg. Dersom talet på timar du får heimehjelp kvar månad gjer at du når utgiftstaket (eller maksprisen), er det prisen i kolonna til høgre du vil sjå på rekninga di.

InntektTimesatsUtgiftstak per månad
Samla inntekt under 2G* 220 kroner 220 kroner
Samla inntekt 2-3 G 332 kroner  995 kroner
Samla inntekt 3-4 G 389 kroner 1.555 kroner
Samla inntekt 4-5 G 446 kroner  2.230 kroner
Samla inntekt over 5 G 503 kroner 3.020 kroner

*G = Grunnbeløpet i folketrygda

Kva får du?

Du kan mellom anna få hjelp til:

  • Matlaging
  • Reingjering
  • Klesvask
Krav til søkjar

Du må ha behov for hjelp på grunn av sjukdom eller funksjonstap.
Du må bu i Alver kommune.

Kva skjer vidare?
  • Vi prøver å svare deg innan fire veker. Klarer vi ikkje det, tar vi kontakt med deg og fortel kor lang tid det vil ta før du får svaret.
  • Dersom vi treng fleire opplysningar eller ønskjer å besøke deg, tar vi kontakt med deg.
Kontakt oss

Vi har ope kvardagar mellom klokka 09.00 og 15.00. Telefontid er mellom klokka 10.00 og 12.00

Hugs at det ikkje er trygt å sende informasjon om helsetilstand eller andre sensitive opplysningar på vanleg e-post.

Klage på vedtak

Trykk her for å lese korleis du kan klage på eit vedtak eller tilbodet du får.

Sidan søknaden inneheld opplysningar om helsetilstanden din, er det ikkje trygt å sende søknaden på e-post. Lever søknaden og vedlegga på kundetorget i Knarvik, Frekhaug eller Manger, eller send dei til:


Sist oppdatert: 04.01.2023
Publisert: 28.06.2018