Branntryggleik

Branntryggleik heime

Ifølgje brannstatistikken skjer dei fleste bustadbrannane i helga. Dette er fordi det i helga er større aktivitet i heimen: meir bruk av straum, meir bruk av open eld og meir matlaging. Eit høgare alkoholforbruk i helgene slår òg negativt ut på brannskadestatistikken.

40–50 % av alle brannar i Noreg har ei elektrisk årsak: feil på anlegg og utstyr eller feil bruk av elektrisk materiell og utstyr. Cirka ein tredjedel av alle som døyr i brann i Noreg, døyr som følgje av brann med «elektrisk årsak».

Korleis kan du minske faren for brann i din heim?

Det er eit krav at alle bustader skal ha minst éin røykvarslar som kan høyrast frå alle soverom med lukka dør. Vi anbefaler likevel å montere fleire røykvarslarar og at desse er seriekopla.

Formålet med røykvarslarar er å redde dei som er i bustaden, dersom brann eller røykutvikling skulle oppstå. Ein brann kan utvikle seg svært raskt, og tidleg varsling er avgjerande.

Røykvarslar

Røykvarslarar skal produserast etter ein europeisk produktstandard. Forhandlarar har ansvar for at røykvarslarar dei sel, er produserte etter dette regelverket. Når du kjøper ein ny røykvarslar, bør du kontrollere at han er CE-merkt med tilvising til NS-EN 14604.

Husbrannslange

Alle bustader skal ha eit brannsløkkingsapparat eller ein husbrannslange.

I vanlege bustader anbefaler vi brannslange som alltid skal vere kopla til vatn. Hugs at du ikkje skal bruke vatn som sløkkemiddel ved brann i frityr, på komfyren og i oljeprodukt.

Brannsløkkingsapparat

Det er svært få som har vatn på soverommet, og om natta er det viktig å ha rask tilgang til sløkkeutstyr. Derfor er det lurt å ha eit brannsløkkingsapparat i tillegg til brannslangen.

Skadeførebygging og brannøving i heimen

Noko av det viktigaste du sjølv kan gjere, er å ta ein «sløkkerunde» i huset ditt kvar kveld. Sjekk alle rom, og slå av alt av elektriske apparat som ikkje skal stå på. Sjekk at ingen omnar er tildekte, sløkk levande lys, slå av TV-en med av-knappen, og la ikkje kaffitraktar, vasskokar og mobilladar stå med støpselet i stikkontakten om natta.

Vi anbefaler at de gjennomfører brannøving i heimen. Barn er i stor grad avhengige av hjelp i ein naudsituasjon. Forklar barna kvar røykvarslaren er, test han, og la dei bli «kjende» med lyden. Lag reglar for korleis dei skal opptre viss røykvarslaren går, test aktuelle rømmingsvegar, og avtal møtepunkt utanfor, i trygg avstand til huset, om de kjem bort frå kvarandre.

Trykk her for å lese meir om brannøving på heimesida til Norsk brannvernforeining.

Branntryggleik i landbruksbygning

Kvart år døyr mange dyr i landbruksbrannar. Store verdiar går tapt.

Over 70 prosent av alvorlege brannar i landbruket kjem av elektrisitet, anten feil på elektriske anlegg eller feil bruk av elektrisk utstyr.

Kven har ansvar for kva?

  • For nyinstallerte elektriske anlegg er det installatør som har ansvaret for å levere eit feilfritt anlegg etter forskrifta.
  • Det er eigar som har ansvar for å sørgje for vedlikehald av anlegget. Det meste av arbeidet må gjerast av godkjend elektroinstallatør.
  • Det er avgrensa kva arbeid ein kan gjere på det elektriske anlegget utan å ha spesielle offentlege sertifikat. Det meste av arbeidet må derfor gjerast av offentleg godkjende elektroinstallatørar.
  • Tilsyn skal gjennomførast av det lokale elektrisitetstilsynet. Eit slikt tilsyn fritek ikkje eigar for ansvar for vedlikehald.

Klikk her for å lese meir om el-anlegg og brannar i landbruket på Landbrukets brannvernkomité si heimeside.

Bål- og bråtebrenning

Det er forbod mot å brenne bål eller bråte under forhold som gjer at det kan føre til brann. Skal du brenne bål eller bråte, må du vere sikker på at det ikkje kan føre til brann. Gå aldri frå oppgjord eld før han er heilt sløkt.

Når er det lov?

I perioden 15. april til 15. september er det totalforbod mot å gjere opp eld i nærleiken av skog og anna utmark utan å søkje kommunen om lov. Du har likevel lov til å gjere opp eld der det openbert ikkje kan medføre brann.

Viss brannfaren er spesielt stor i ein periode, uavhengig av dato, kan kommunen innføre totalforbod mot å brenne bål i bestemte område.

Brenning av avfall er aldri tillate, det må du levere til gjenvinningsstasjon.

Slik søkjer du

  • Vi har ikkje eit eige skjema for å søkje om løyve til å gjere opp eld. Det er difor nok at du skriv eit brev og sender det til brannsjefen vår.
  • Søknaden må innehalde namn på ansvarleg, adresse og telefonnummer. I søknaden må du skildre kva for tiltak du har for å unngå at brannen spreier seg, eller andre uhell.
  • Søknaden sender du på e-post til karl.johannes.romarheim@lindas.kommune.no  med kopi til ole.johan.ingebrigtsen@lindas.kommune.no.

Sankthansbål

På sankthansaftan gjeld dei generelle reglane for bålbrenning. Du har berre lov til å gjere opp eld der det openbert ikkje kan føre til brann.

Ved bålbrenning og liknande er det personen som tenner elden, som er ansvarleg for tryggleikstiltak og å sløkke elden før staden blir forlaten.

Her kan du lese meir

Forskrift om brannforebygging § 3 Generelle krav til aktsomhet


Sist oppdatert: 13.11.2018
Publisert: 13.07.2018