HeimBarnehageSøkje eller endre plass

Søkje eller endre plass

Slik søkjer du 

Informasjon om opptaket

Vi gjennomfører samordna opptak. Det betyr at du må sende søknaden din til kommunen anten du søkjer plass i kommunal eller privat barnehage.

Nokre av dei private barnehagane har eigne opptakskriterier. Desse finn du i vedtektene til dei enkelte barnehagane, sjå heimesidene deira.

Trykk her for å lese meir om alle barnehagane i kommunen vår.

Slik søkjer du

Pass på at du vel det rette elektronisk e-skjemaet. Vi har eitt skjema for hovudopptaket til 2018/2019 og eitt for ledige plassar elles i året. 

Søknadsfristen for ein plass i barnehageåret 2019/2020 er 1. mars. Hugs at du må sende ny søknad, sjølv om du står på venteliste.

Søk om plass i barnehageåret 2019/2020.

Vi har i tillegg løpande opptak på ledige plassar i inneverande barnehageår.

Søk om plass i dette barnehageåret 2018/2019.

Skal du sende ekstra dokumentasjon? Merk det med "barnehagesøknad" og send det til:

Lindås kommune
Dokumentsenteret
Kvernhusmyrane 20
5914 Isdalstø

Kva skjer etter at du har sendt søknaden?

Du som søkjer plass i hovudopptaket får:

  1. stadfesting på e-post med ein gong du har sendt søknaden
  2. tilbodet eller avslaget kjem i posten til den adressa du har gitt oss i søknaden

 Du som søkjer ledige plassar utanom hovudopptaket får:

  • stadfesting på e-post med ein gong du har sendt søknaden
  • berre skriftleg svar når vi har ledig plass og vi kan gi deg eit tilbod
  • ikkje svar om vi ikkje har ledige plassar, men søknaden din havnar automatisk på ventelista vår

 

Kva kostar det?

Full plass

Frå 1. januar 2019 kostar ein full barnehageplass 2.990 kroner per månad.

Redusert plass
  • 80 prosent plass = 2392 kroner i månaden
  • 60 prosent plass = 1794 kroner i månaden
  • 50 prosent plass = 1495 kroner i månaden
  • 40 prosent plass = 1196 kroner i månaden
Redusert betaling og søskenmoderasjon

Du kan få redusert pris dersom du har fleire barn i barnehagen eller har låg inntekt.

 Trykk her for å lese meir om redusert foreldrebetaling og gratis kjernetid.

Søskenmoderasjon:

  • Du får 30 prosent rabatt på barn nummer to.
  • Du får 50 prosent rabatt på barn nummer tre og fleire.

Matpengar og ekstra dag

  • Matpengar - 100 prosent plass = 300 kroner i månaden
  • Matpengar - 80 prosent plass = 240 kroner i månaden
  • Matpengar - 60 prosent plass = 180 kroner i månaden
  • Matpengar - 40 prosent plass = 120 kroner i månaden
  • Ekstra dag utover avtalt opphaldstid = 250 kroner per dag 

Har du rett på plass? 

Kven har rett på barnehageplass?

For å ha rett til barnehageplass må du:

  • bu i kommunen
  • søkje barnehageplass innan fristen for hovudopptaket 1. mars

Dersom barnet ditt fyllet eitt år i august, september, oktober eller november har du rett på plass den månaden barnet ditt fyller år. Barn som er født desse fire månadane må med andre ord ikkje betale for plassen før dei startar i barnehagen.

Hovudopptaket skjer i perioden frå mars til juni. I denne perioden kan du ikkje endre på søknaden.

Du kan sjølvsagt søkje barnehageplass utanom hovudopptaket og få tilbod om vi har ledige plassar.

Har barnet ditt rett til prioritet?

Kommunen skal prioritere å gi plass til følgjande barn i hovudopptaket:

  • barn med nedsett funksjonsevne
  • barn med vedtak etter lov om barnevernstenester §§ 4-12 og 4-4 andre og fjerde ledd

Søkjer du plass til eit barn med rett til prioritet? Hugs å sende dokumentasjon til kommunen innan søknadsfristen 1. mars. 

Flytte, bytte eller seie opp plass?

Flytte eller bytte plass?

Flyttar du til ein annan stad i kommunen kan du behalde barnehageplassen du har. Ønskjer du plass i ein annan barnehage, må du sjølv søkje om ny barnehageplass.

Bruk det vanlege søknadsskjemaet. Kryss av for "ny plass", ikkje "endring/overføring".

Trykk her for å gå til barnehagelova.

Reglar for oppseiing
  • Endring av plass kan i utgangspunktet berre skje dersom det ikkje fører til at vi får tomme plassar i barnehagen.
  • Skal barnet ditt slutte i barnehagen i løpet av barnehageåret, må du sende ei skriftleg oppseiing av plassen minst to månader før barnet skal slutte.
  • Dersom barnet sluttar etter 1. april, kan vi krevje betaling for resten av barnehageåret.
  • Du treng ikkje å seie opp plassen når barnet ditt startar på skulen. Dette skjer automatisk for barn i både private og kommunale barnehagar.

Private barnehagar har eigne vedtekter.

Slik seier du opp plassen din

Vi har ikkje eit eige skjema for oppseiing av barnehageplass. 

Skriftleg oppseiing leverer du direkte til barnehagen din.

 


Sist oppdatert: 10.01.2019
Publisert: 19.04.2018