HeimBarnehageFør skulestart

Før skulestart

Mange barn har barnehageerfaring før dei startar på skulen. Difor har vi laga felles retningsliner for å sikre det gode samarbeidet. Rutinane skal gi barna og foreldra ein trygg overgang, og skulane tilgang til viktig informasjon.

Program for førskulebarna

  • Før 15. mai: Barnehagen får besøk av ein lærar som fortel om skulen, gjerne ilag med elevar frå skulen.
  • Før 15. mai: Barnehagen besøkjer skulefritidsordninga (SFO) på skulen der dei fleste barna skal starte i 1. klasse.
  • Mai/juni: Foreldremøte om forventningar til foreldre/føresette og informasjon frå skulen.
  • Før 15. juni: Barna blir invitert til ein eller to førskuledagar. Barna får møte fadrane sine og bli kjend med dei vaksne på skulen.

Informasjon om barnet ditt

For å sikre ein god og trygg overgang for barnet ditt, vil barnehagen be om at du signerer eit samtykkeskjema som gir avdelingsleiar i barnehagen lov til å dele informasjon med kontaktlærar på barneskulen.

Har barnet ditt spesielle behov, tar skulen initiativ til ei eiga vurdering ilag med deg som føresett for å sjå på moglege tiltak.

Vil du vite meir?

Trykk her for å laste ned rutinane våre for overgangen mellom barnehagen og barneskulen.

Trykk her for å lese meir om skulestart.

 


Sist oppdatert: 18.10.2018
Publisert: 30.05.2018