HeimBarnehageSøkje avslag i prisen

Søkje avslag i prisen

Ordninga gjeld for foreldre og føresette med barn i kommunale og private barnehagar.

Slik søkjer du

Trykk her for å søkje redusert foreldrebetaling eller gratis kjernetid

Du må søkje innan 1. september for å få avslag i prisen frå oppstarten av nytt barnehageår.

  • Du må leggje ved sjølvmeldinga di som dokumentasjon. Dersom noko ikkje er registret på sjølvmeldinga av person- eller kapitalinntekt, må du leggje ved anna relevant dokumentasjon.
  • Merk all dokumentasjon med namnet til barnet ditt og send dokumentasjonen til: Lindås kommune, Dokumentsenteret, Kvernhusmyrane 20, 5914 Isdalstø.
  • Som hovudregel gjeld søknaden for eitt barnehageår om gangen.

Har du rett på redusert foreldrebetaling?

Du har rett på redusert pris om:

  • maksprisen for ein barnehageplass er høgare enn 6 prosent av den samla inntekta til hushaldninga
  • den samla inntekta til hushaldninga er lågare enn 533.500 kroner

Har du rett på gratis kjernetid?

Gratis kjernetid betyr 20 timar gratis opphald kvar veke i barnehagen. Har barnet ditt heildagsplass må du sjølv betale for opphald utover dei 20 timane.

Hushald med inntekt lågare enn kr 533.500 per år som har 2-, 3-, 4- og 5-åringar, og barn med utsett skulestart, kan søkje om gratis kjernetid.


Sist oppdatert: 08.01.2019
Publisert: 19.04.2018