HeimBarnehageBarnehagane våre

Barnehagane våre

Alversund Montessori barnehage (privat)

Trykk her for å gå til heimesida til barnehagen.

Barnas barnehage, Hundvin, naturbarnehage (privat)

Trykk her for å gå til facebooksida til barnehagen.

Barnas barnehage, Kløvheim (privat)

Trykk her for å gå til facebooksida til barnehagen.

Haugen barnehage (kommunal)

Om barnehagen

Haugen barnehage er ein god stad å vere. Målet vårt er å skape ein barnehage for trygge og glade barn. Vi legg vekt på leik og samspel og fyller dagane med Humor Aktivitet, Undring, Glede, Engasjement og Nestekjærleik.

Haugen barnehage ligg sentralt i Knarvik, nær Skysstasjonen og Knarvik senter. Uteområdet til barnehagen er stort og luftig med moglegheit for all slags leik til alle årstider. Vi brukar området rundt barnehagen til turar, mellom anna området rundt Kvassnestemma (også kalla Andedammen). Stadar som «Brekkeløypa» og natur rundt der blir også nytta.

Nøkkelinformasjon

  • Opningstider: Frå 07.00 til 17.00
  • Kommunal barnehage frå 1994
  • Avdelingsbarnehage med tre avdelingar
  • Tal barn: 42
  • Årsverk tilsette: 10
  • Uteareal: 3637 m²
  • Inneareal: 350 m²

Kontaktinformasjon til avdelingane våre

  • Gulsporv er for dei eldste barna frå 3 til 6 år
    Telefonnummer til avdelinga: 56 37 53 96
  • Grønspett er for dei mellomste barna frå 2 til 3 år
    Telefonnummer til avdelinga: 56 37 53 95
  • Raudstrupe er for dei yngste barna frå 1 til 2 år
    Telefonnummer til avdelinga: 56 37 53 91
  • Blåmeis er for dei yngste barna frå 1 til 2 år                              Telefonnummer til avdelinga: 56 37 53 90

Slik jobbar vi

Vi jobbar med språk og sosial kompetanse. Barna brukar språket i alle samanhengar, og er ein viktig del av bagasjen dei tar med seg når dei startar på skulen. Saman med sosial kompetanse er språket utgangspunkt for læring vidare i skuletida og resten av livet.

Fagområdet vi har hovudfokus på er kommunikasjon, språk og tekst. Då brukar vi ulike metodar som «Dialogisk lesing», «Teikn til tale» og beskrivande kommentarar i leiken til barna. Vi les mykje, både åleine og saman i grupper med barn og vaksne. Bokbussen har stopp utanfor barnehagen kvar 14. dag, og tilbodet er mykje brukt av oss, samstundes som vi nyttar oss av biblioteket i senteret.

Gjennom heile året har vi mange felles aktivitetar på tvers av avdelingane - både planlagde og spontane. Dette gjer at personalet kjenner godt til kvart barn og kven familien er. Fellesaktiviteten som har lengst tradisjon her i barnehagen er «Haugenmila». Den har vi hatt kvart år sidan 1998, og i 2018 skal vi feire 20-årsjubileum. Vi brukar Vigilo som kommunikasjonskanal mellom barnehage og heim, i tillegg til den daglege kontakten i bringe – og hentesituasjonar.

Dagen startar med frukost, deretter samlingsstund på begge avdelingane.

For dei yngste, ser ein vanleg dag i barnehagen slik ut:

  • Utetid, gjerne ut på tur
  • Lunsj i barnehagen
  • Kvilestund
  • Frukt
  • Frileik

For dei eldste, ser ein vanleg dag i barnehagen slik ut:

  • Ulike typar gruppeaktivitetar, gjerne ut på tur
  • Lunsj på tur eller lunsj på avdelinga
  • Uteleik på barnehagen sitt område
  • Frukt
  • Frileik

Årsplan og vedtekter

Trykk her for å laste ned årsplanen 2018-2019.

Trykk her for å laste ned vedtekter til dei kommunale barnehagane våre.

Råd og utval

Trykk her for å lese om Foreldreutvalget for barnehager (FUB), det nasjonale utvalet for barnehager.

Hilland familiebarnehage «Smilehullet» (privat)

Trykk her for å lese meir om barnehagen.

Juvikstølen barnehage (kommunal)

Om barnehagen

Juvikstølen barnehage ligg sentralt plassert på Juvikstølen i Knarvik, og er omkransa av flotte turområde, Brekkeløypa og idrettsbanen. Vi legg spesielt vekt på å styrke den emosjonelle og sosiale kompetansen til barnet, og jobbar for å fremje positivt samspel mellom barna og mellom barn og vaksne.

Nøkkelinformasjon

  • Opningstid: 07.00 til 17.00
  • Kommunal barnehage
  • Avdelingsbarnehage med 7 avdelinger
  • Areal: Juvikstølen barnehage har eit godkjent leike- og opphaldsareal på  694 m²

Kontaktinformasjon til avdelingane våre

  • Filosofen for 3-6-åringar
    Telefonnummer til avdelinga: 488 91 881
  • Kunstnaren for 3-6-åringar
    Telefonnummer til avdelinga: 488 91 880
  • Utforskaren for 3-6-åringar
    Telefonnummer til avdelinga: 945 38 073
  • Forskaren for 3-6-åringar
    Telefonnummer til avdelinga: 488 91 879
  • Fabelen for 1-3-åringar
    Telefonnummer til avdelinga: 488 91 878
  • Draumelandet for 1-3-åringar
    Telefonnummer til avdelinga: 488 91 876
  • Stjernehimmelen for 1-3-åringar
    Telefonnummer til avdelinga: 488 91 875

Slik jobbar vi

Det skjer mykje i løpet av ein vanleg dag i Juvikstølen barnehage! Vi har ulike rom for ulike aktivitetar, mellom anna ateliér, klosserom, sanserom, språkrom og dramarom.

To og to avdelingar samarbeider om morgonen og ettermiddagen. Barna blir difor godt kjend med «naboane» på avdelinga ved sida av. Barna blir ofte delt inn i mindre grupper slik at dei får det rolegare rundt seg. Vi har samlingsstund med forteljing, dramatisering og mykje song og musikk.

I løpet av dagen er det også uteaktivitetar. Innanfor gjerdet har vi både godt opparbeidde leikeområde og urørte naturområde som vi brukar. Eit stykke frå barnehagen har vi sett opp ei grillhytte, og dei store avdelingane legg gjerne turdagar dit.

Vi har faste tradisjonar som Juvikstølenmila rundt Brekkeløypa, og julegrantenning der også foreldra får vere med. Fleire gonger i året samlar vi barna til felles opplevingar som karneval, påskesamling og nissefest.

Årsplan og vedtekter

Trykk her for å laste ned årsplanen for 2018/2019.

Trykk her for å laste ned vedtektene til dei kommunale barnehagane våre.

Råd og utval

Trykk her for å lese om Foreldreutvalget for barnehager (FUB), det nasjonale utvalet for barnehager.

Knarvik barnehage AS (privat)

Trykk her for å gå til heimesida til barnehagen.

Kolås barnehage (kommunal)

Om barnehagen

I Kolås barnehage ligg sentralt på Lindås, med gangavstand til idrettshall, fotballbaner, bibliotek og flotte turområder. Barnehagen har eit spesielt fokus på sosial- og emosjonell kompetanse. Vi ynskjer å fremje positivt samspel mellom borna og mellom born og vaksne.

Kolås barnehage - ein god start!

Nøkkelinformasjon

  • Opningstid: 6.45-16.45
  • Kommunal barnehage
  • Avdelingsbarnehage med 3 avdelinger
  • Tal barn: 52 (pr 15. desember 2015)

Kontaktinformasjon til avdelingane våre

  • Regnbogen, barn 1-3 år
    Telefonnummer til avdelinga: 414 31 279
  • Gullgruva, barn 1-3 år
    Telefonnummer til avdelinga: 474 62 878
  • Soria Moria 1, barn 3-6 år
    Telefonnummer til avdelinga: 409 12 680
  • Soria Moria 2, barn 3-6 år
    Telefonnummer til avdelinga: 409 12 681

Slik jobbar vi

Kolås barnehage har to basar. Borna som er 1-3 år gamle held til i Kolås barnehage, ved sidan av Lindås senter. Der er det to avdelingar, Regnbogen og Gullgruva. Avdelingane samarbeider for formiddag og ettermiddag, slik at born og vaksne vert godt kjende med kvarandre. Barnehagen er ikkje så stor, slik at miljøet, både inne og ute, er kjend og oversiktleg for borna.

Borna som er 3-6 år gamle held til på Soria Moria, i gamle gymsalen ved sidan av Lindås barneskule. På Soria Moria er det god plass, med blant anna eigen gymsaldel, stort malerom og scene. Gymsalen er utstyrt med ribbeveggar, tjukkas, balansebenkar og diverse utstyr til leik og fysisk aktivitet. I malerommet har vi tilgjenegleg formingsmateriell og naturmaterialer, som borna kan nytta på eiga hand og saman med vaksne. Nærleiken til barneskulen gjer at overgangen frå barnehage til skule gjerne opplevast som tryggare, ettersom borna er kjende i miljøet.

Begge basane er heldige og har store fine uteområde, med ulent terreng inne på barnehagens område. Avdelingane nyttar også turområder i nærmiljøet. Trygge, bilfrie gangvegar med tilknyting til skog og med mark. Sjø og fjell er også i gangavstand. Hos oss har alle ein turdag i veka. Turane er tilpassa bornas alder og modning og gjev tid og rom til det som opptek barna; ein snegl, ei rar grein, ein traktor, å samle, sortere, samanlikna o.s.v. Vegen er gjerne målet! Basane går også på besøk til kvarandre. Dei Regnbogen og Gullgruva lånar gymsalen på Soria Moria. Soria Moria tek gjerne lunchen med og er ute og leikar nede i barnehagen.

Årsplan og vedtekter

Trykk her for å laste ned årsplanen 2018-2019

Trykk her for å laste ned vedtektene for dei kommunale barnehagane våre

Råd og utval

Trykk her for å lese om Foreldreutvalget for barnehager (FUB), det nasjonale utvalet for barnehager.

Leiknes FUS barnehage (privat)

Trykk her for å gå til heimesida til barnehagen.

Lykkeliten barnehage (privat)

Trykk her for å lese meir om barnehagen.

Natås barnehage SA (privat)

Trykk her for å gå til facebooksida til barnehagen. 

Ostereidet FUS barnehage (privat)

Trykk her for å gå til heimesida til barnehagen.

Seim barnehage AS (privat)

Trykk her for å gå til heimesida til barnehagen.

Solhaugen barnehage (privat)

Trykk her for å gå til heimesida til barnehagen.

Trollskogen barnehage (privat)

Trykk her for å gå til heimesida til barnehagen.

Wilhaven familiebarnehage (privat)

Trykk her for å lese meir om barnehagen.


Sist oppdatert: 15.11.2018
Publisert: 30.05.2018