Informasjon om kikhoste

Vi har registrert nokre tilfelle av kikhoste i Lindås dei siste vekene, og har samla råd til ulike grupper.

Det har gått kikhoste i Norge i periodar dei siste åra. Dette er også tilfelle i Lindås kommune. Dei siste vekene er det registrert fleire tilfelle av kikhoste i Lindås kommune, og til saman ni personar har testa positivt på kikhostesmitte.

Korleis oppstår kikhosten?

Vaksine mot kikhoste er ein del av barnevaksinasjonsprogrammet og i Lindås kommune er det høg vaksinasjonsdekning. Vi reknar at vaksinen gir omlag 85 % vern, så kikhoste kan forekomme sjølv om alle er vaksinerte. Dersom dei vaksinerte blir sjuke, er sjukdommen som regel mildare og meir kortvarig.

Dei fleste tilfelle av kikhoste blir meldt hos eldre barn, vaksne og eldre. Symptoma er langvarig hoste, men ofte utan den karakteristiske kikinga. Det ser ut til at antibiotika har ei viss effekt, spesielt tidleg i forløpet, men sjukdomen går til slutt over av seg sjølv.

Kikhoste kan være farleg for små spedbarn. Vi vaksinerer mot kikhoste først og fremst for å verne dei heilt små barna. Kikhoste smittar lett ved dråpesmitte. Dei første symptoma liknar vanleg forkjøling i eit par veker, det er då smittefaren er størst. Når hosten kjem er smittefaren mindre.

Generelle råd
  1. Vi kan ikkje fjerne kikhostesmitten frå befolkninga. Vi må rekne med at det alltid finst barn eller vaksne som skil ut smittestoffet. Ein pasient med kikhoste er særleg smitteførande den første veka etter symptomstart. Etter dette blir smitta mindre. Pasienten kan ikkje smitte andre tre veker etter symptomstart.
  2. I ein husstand der det er påvist kikhoste, bør sårbare personar ta kontakt med fastlege for førebyggjande behandling med antibiotika. Sårbare grupper kan vere uvaksinerte eller delvis vaksinerte barn under to år, uvaksinerte (uansett alder) med alvorleg astma, personar med medfødt hjartefeil eller nedsett immunforsvar.
  3. For ikkje‐fullvaksinerte barn under 2 år kan det også være aktuelt å gi ny vaksinedose.

Desse gruppene treng ikkje førebyggjande behandling eller ny vaksinasjon

  • Barn under 5 år som har følgt barnevaksinasjonsprogrammet
  • Barn, ungdom og vaksne som har fått ein oppfriskningsdose med kikhostevaksine i løpet av dei siste fem åra.
Råd til gravide

Gravide: Det er ikkje farleg for gravide å bli smitta av kikhoste. I fleire land i dag rår ein til vaksine til gravide som ikkje er fullvaksinerte, eller det er gått meir enn 5‐10 år sidan siste dose med kikhostevaksine. Dette er berre for å verne barnet mot smitte frå mor i nyføddtida. I Norge er ein slik vaksinering foreløpig ikkje innført.

Fastlegen må vurdere behovet for antibiotikabehandling hos andre med påvist sjukdom i forhold til kor lenge sjukdommen har vart og i forhold til kor plagsom sjukdommen er for den einskilde.

Tiltak i barnehage og skule

Ved behandling tidleg i sjukdomsforløpet blir pasienten smittefri innan 5 dagar etter at behandlinga er sett i gang, og barn bør difor vere heime frå barnehagen i denne perioden. Ved behandling seinare i sjukdomsforløpet, vil smitterisikoen vere betydeleg mindre, og barn kan difor gå i barnehage eller skule dagen etter at behandlinga er starta. Friske nærkontaktar som får førebyggande behandling treng ikkje å være heime frå barnehage.

Råda er utforma i samarbeid med Folkehelseinstituttet.

Web levert av CustomPublish