Korleis ser framtida ut for oss som bur og jobbar i Lindås kommune? Illustrasjon:

Korleis ser framtida ut for oss som bur og jobbar i Lindås kommune? Illustrasjon: Ingun Redalen White

Kommuneplanen = framtida di!

Tenkjer du på framtida? Korleis ser det ut der du bur? Kva lever vi av? Korleis har vi det i Lindås kommune om fem år, ti år, tjue år?

Kommuneplanen er todelt, og består av ein samfunnsdel og ein arealdel. No jobbar vi med samfunnsdelen, som er ein overordna plan om framtida til kommunen. Samfunnsdelen skal ta stilling til langsiktige utfordringar, mål og strategiar. Spørsmåla er «kva type samfunn vi vil ha» og «kva grep vi må ta for å kome dit». 

Sidan planen er viktig for alle som bur og driv næring i kommunen, har vi sett av god tid til medverknad. Frå november 2016 til februar 2017 har vi vore på ulike plassar i kommunen.

Nabokommunar og andre har også blitt invitert til å kome med innspel. Alle planane våre gjeld til den nye storkommunen har fått på plass nye, felles planar.

Ni rapportar med innspel

Responsen har vore heilt overveldande! Fleire hundre innbyggjarar, aktørar og tilsette i kommunen har deltatt. Totalt har politikarane fått ni rapportar med innspel til den nye samfunnsdelen:

  1. Melding frå ungdomane
  2. Melding frå folket
  3. Melding frå barn
  4. Melding frå gjesteboda
  5. Lag og organisasjonar
  6. Tenketank for framtida
  7. Administrasjonen
  8. Politiske råd og utval
  9. Melding frå HTV

Alle dei ni rapportane innheld fleire tusen tankar om framtida til kommunen. Berre i rapporten frå folket har over 300 innbyggjarar bidratt med meir enn 2000 innspel. Og rapporten frå dei yngste inneheld fleire hundre framtidsteikningar.

Kva skjer no?

Planen ligg på høyring til måndag 7. august 2017.

Trykk her for å lese høyringsutkastet og sjå korleis du kan kome med innspel.

  • August: Gjennomgang av innspel frå høyringa
  • 31. august: Innstilling i formannskapet
  • 21. september: Vedtak i kommunestyret

Har du spørsmål?

Ta kontakt med prosjektleiar, Line Thuen Waage.

 

 

Web levert av CustomPublish