Søk barnehageplass innan 1. mars

Søknadsfristen til hovudopptaket til barnehageplass er 1. mars. 

Alle må bruke dei elektroniske søknadsskjema våre. Du finn dei under overskrifta slik søkjer du, nedst i denne artikkelen.

Hugs å sende ny søknad sjølv om du står på venteliste!

Vi har 16 barnehagar i Lindås, 3 er kommunale og 13 private. Lindås kommune gjennomfører samordna opptak. Det betyr at du må sende søknaden din til kommunen anten du søkjer plass i kommunal eller privat barnehage.

Nokre av dei private barnehagane har eigne opptakskriterier. Desse finn du i vedtektene til dei enkelte barnehagane, sjå heimesidene deira.

Trykk her for å lese meir om alle barnehagane i kommunen vår. 

Krav til søkjar

Lovfesta rett til barnehageplass gjeld berre i hovudopptaket, og berre om du har søkt plass innan 1. mars. 

Søkjer du plass i hovudopptaket må ønska oppstartsdato seinast vere:

  • 31. august 2017 viss barnet ditt fyller eitt år seinast i løpet av august
  • 31. september 2017 viss barnet fyller eitt år i september
  • 31. oktober 2017 viss barnet fyller eitt år i oktober
  • 30. november 2017 viss barnet fyller eitt år i november (dette er eit lovforslag, og gjeld berre om Stortinget fattar vedtak om dette våren 2017)

Hovudopptaket skjer i perioden frå mars til mai/juni. I denne perioden kan du ikkje endre på søknaden.

Det er mogeleg å søkje om barnehageplass utanom hovudopptaket.

Barn med prioritet

Kommunen skal prioritere å gi plass til følgjande barn i hovudopptaket:

  • Barn med nedsett funksjonsevne
  • Barn med vedtak etter lov om barnevernstenester §§ 4-12 og 4-4 andre og fjerde ledd

Søkjer du plass til eit barn med rett til prioritet? Hugs å sende gyldig dokumentasjon til kommunen. Vi må ha dokumentasjonen innan søknadsfristen 1. mars.

Ta kontakt med Astrid N. Sylta eller Mona Hagewick om du har behov for meir informasjon om denne ordninga.

Skal du flytte?

Barn har lovfesta rett til barnehageplass i kommunen der barnet bur. Alle kan søkje om barnehageplass i Lindås, men barnet må ha bustadadresse i kommunen ved søknadsdato for å ha rett til plass. Flyttar du til ein annan stad i Lindås kan du behalde barnehageplassen du har, men du må sjølv søkje om ny barnehageplass dersom du ønskjer plass i en anna barnehage. Vi kan ikkje svare på når du kan forvente å få tilbod om ny barnehageplass. 

Bytte barnehage

Du søkjer om barnehageplass i same skjema uavhengig av om du søkjer om barnehageplass for første gang, eller om du søkjer om å bytte barnehageplass. I starten på skjemaet vel du om du  søkjer endring eller ny plass og kva barnehagar du søkjer.

Trykk her for å gå til søknadsskjema for barnehageåret 2017/2018

Trykk her for å gå til søknadsskjema for barnehageåret 2018/2019

Kva kostar det?

Frå 1. januar 2017 kostar ein full barnehageplass 2.730 kroner per månad.

Du kan få redusert pris dersom:

  • Du har fleire barn i barnehagen. 
  • Du som forelder har låg inntekt. 

Trykk her for søknadsskjema og meir informasjon om redusert foreldrebetaling og gratis kjernetid.

Pris per månad  
100 prosent plass 2730 kroner
80 prosent plass 2184 kroner
60 prosent plass 1638 kroner
50 prosent plass 1365 kroner
40 prosent plass 1092 kroner
Søskenmoderasjon  
Barn nummer 2 30 prosent
Barn nummer 3 og fleire 50 prosent
Matpengar og ekstra dag  
Matpengar - 100 prosent plass 300
Matpengar - 80 prosent plass 240
Matpengar - 60 prosent plass 180
Matpengar - 40 prosent plass 120
Ekstra dag utover avtalt opphaldstid 250

 

Slik søkjer du

Før du søkjer:

  • Pass på at du vel det rette elektronisk e-skjemaet. Me har eitt søknadsskjema for hovudopptaket og eitt for ledige plassar elles i året.
  • Leit fram personnummeret til begge foreldre og barnet ditt, e-postadresse og mobilnummer. Du treng desse opplysningane for å kunne søkje.

 

Søknadsskjema for ledige plassr i inneverande barnehageår: Trykk her for å gå til søknadsskjema for barnehageåret 2017/2018

Søknadsskjema for hovudopptak med søknadsfrist 1. mars: Trykk her for å gå til søknadsskjema for barnehageåret 2018/2019

 

Dokumentasjon og vedlegg til søknaden sender du til:

Lindås kommune
Dokumentsenteret
Kvernhusmyrane 20
5914 Isdalstø

Kva skjer vidare?

Når du sender inn søknaden, får du ei bekrefting på e-post. Tilbodet sender vi med vanleg post til adressa du har gitt oss i søknaden. 

I hovudopptaket får barn med rett til plass tilbod seinast den månaden barnet blir eitt år. Barn som ikkje har rett til plass får tilbod om plass når det er ledig plass i ein av barnehagane du har søkt. Vi kan ikkje på førehand seie kor lang tid det vil ta, det er avhengig av kva plassering barnet har på søkjarlista og når det blir ledige plasser i riktig aldersgruppe i dei aktuelle barnehagane.  

Kva seier lova?

Trykk her for å gå til barnehagelova.

Web levert av CustomPublish