Høyring av planprogram og varsel om oppstart av Områdeplan for Ostereidet

Plan- og miljøutvalet gjorde i møte 24. januar 2018, sak 014/18, vedtak om å melde oppstart av Områdeplan for Ostereidet og legge planprogram for områdeplanen ut på høyring,  i medhald av plan- og bygningslova § 4-1 og 12-8. Det vert i tillegg varsla at ein ønskjer å kunne nytte moglegheita for å søke om byggeløyve for ny idrettshall på Ostereidet parallelt med planarbeidet, i samsvar med plan- og bygningslova § 12-15.

Figur 1 Planavgrensing

I Lindås kommune sin planstrategi (2016-2019) ligg områdeplan for Ostereidet sentrum (del I), som starta opp i 2015, inne. I tillegg ligg det inne at områdeplan for Ostereidet del 2 (skuleområde m.m.) skal starte opp i 2017.

Lindås kommune har vurdert det som føremålsteneleg å gjennomføre områdereguleringa av Ostereidet som ein felles planprosess, slik at arbeidet med del 2 vert sett i samanheng med arbeidet som starta opp i 2015 (del I). Den 13. desember 2017 handsama Plan- og miljøutvalet ein sak om avklaring av rammer for det vidare planarbeidet på Ostereidet. Følgjande vedtak vart fatta;

Områdeplan for Ostereidet vert gjennomført på følgjande måte;

-              Del I og del II vert slått saman til ein felles planprosess.

-              For del II er hovudformålet å få fram plangrunnlag for ny idrettshall og andre plantema vert avgrensa.

Ostereidet er eit viktig lokal senter i kommunen, og planarbeidet skal legge til rette for ei positiv utvikling, som kan betre bu- og levetilhøva for både eksisterande og framtidige innbyggjarar. Planforslaget for del I skal i all hovudsak vidareførast, men alle innkomne merknader skal vurderast og motsegn skal avklarast. Planarbeidet har som målsetting å tilrettelegge for vidare utvikling av Ostereidet sentrum (del I) og skule-, kyrkje-, barnehage- og idrettsområde (del II), samt sikre ei god kopling mellom Ostereidet sentrum  og skule-, kyrkje-, barnehage- og idrettsområde. I del II er lokalisering av ny idrettshall ei prioritert oppgåve i planarbeidet. 

Kravet om planprogram er heimla i plan- og bygningslovens § 4-1. Planprogrammet er eit verktøy for den tidlege fasen av planarbeidet, og skal gjere rede for føremålet med planarbeidet, planprosessen og opplegget for medverknad.

 

Hovudtema i planarbeidet:

•             Sentrums- og næringsutvikling

•             Bustadutvikling

•             Skule-, barnehage-, idrett-, og kyrkjeområde, med ny idrettshall

•             Veg- og trafikktilhøve

•             Landbruk-, natur- og friluftsområde

•             Ny kopling i nord mellom senterområde og skule-, barnehage-, kyrkje-, og idrettsområde

•             Teknisk infrastruktur

 

Planprogram og informasjon om planarbeidet ligg og for gjennomsyn i ekspedisjonen på rådhuset i Lindås kommune.  

 

Høyringsperioden er frå 7. februar til 21. mars 2018. Vi ber om at merknader til planprogram vert sendt innan 21.03.2018 til: Lindås kommune, plan- og miljøutvalet, Kverhusmyrane 20, 5914 Isdalstø, via elektronisk skjema på heimesidene til kommunen eller til postmottak@lindas.kommune.no. Merk sendinga med saksnummer 2014/1855.

 

Politisk vedtak.pdf

Framlegg til planprogram_Områdeplan for Ostereidet_150118 (L)(316757).pdf

 

 

Web levert av CustomPublish