Har du tatt influensavaksinen?

Vi ønskjer at flest mogleg skal vaksinere seg mot influensa. Sjekk om du er i ei av risikogruppene og bestill ein time hos legekontoret ditt.

Når kan du få vaksinen?

Ta kontakt med legekontoret ditt for nærare avtale om vaksinering.

  • Knarvik legekontor
  • Lindås legekontor: Vaksinerer alle dagar. Møt opp eller ta kontakt med kontoret.
  • Knarvik allmennpraksis: Tysdagar og onsdagar frå klokka 13.00 til 14.30
  • Ostereidet legekontor: Torsdag 16. november og torsdag 23. november frå klokka 17.00 til 19.00
  • Helsetunet legekontor

Er du i risikogruppa?

Folkehelseinstituttet har nyleg sendt tekstmelding med påminning til dei som er fødde i 1945 og 1950. 

Instituttet rår følgjande risikogrupper til å vaksinere seg:

  • Alle som har fylt 65 år
  • Bebuarar i omsorgsbustader og sjukeheim
  • Barn og vaksne med:
    • diabetes mellitus, type 1 og 2
    • kronisk luftvegssjukdom
    • kronisk hjarte- og karsjukdom
    • kronisk leversvikt
    • kronisk nyresvikt
    • kronisk nevrologisk sjukdom eller -skade
    • nedsatt immunforsvar
    • svært alvorleg fedme (BMI over 40)
    • annen alvorleg eller kronisk sjukdom
  • Gravide frå 12. uke i svangerskapet

Av førebyggande omsyn, rår vi i tillegg følgjande grupper til å vaksinere seg:

  • Helsepersonell med pasientkontakt
  • Husstandskontaktar til personar med nedsett infeksjonsforsvar
  • Svinerøktarar og andre med regelmessig kontakt med levande grisar. Hovedhensikten med vaksinasjon av svinerøktere er å beskytte grisene mot influensasmitte, og dermed hindre utvikling av virus med nye egenskaper i svinebesetningene.

Meir informasjon om influensavaksine finn du på nettsida til folkehelseinstituttet.

Web levert av CustomPublish