Håkon Askeland gir dagens instruksjonar til UngJobb-hjelparane sine, Hans Jørgen Grutle og Mathias Fykse Oen.

Har du jobb til ein ungdom?

Frå måndag 25. juni til fredag 6. juli arrangerer vi UngJobb i Lindås kommune. Her kan du lese meir om korleis du får jobb - eller melde inn oppdrag.

UngJobb formidlar alle typar kortidsoppdrag, til dømes barnepass, hagearbeid, husvask, ekstrahjelp i slåtten, rydding på butikklager, hjelp til å setje varer i hyller eller gå tur med hunden din. Kanskje du treng ein handlanger?

Har du oppdrag?

Både privatpersonar og næringsliv i Nordhordland kan melde inn oppdrag. Løna er minimum 100 kroner per time.

Ønskjer du å melde inn eit oppdrag til ungdomane? Ring eller send e-post til oss.

Vil du jobbe?

UngJobb er for ungdom mellom 15 og 18 år.

Har du lyst til å tjene nokre kroner? Møt opp i kantina i Nordhordlandshallen mellom klokka 08.30 til 10.30 dei aktuelle vekene. 

Det er førstemann-til-mølla. Så det kan vere lurt å møte opp tidleg! 

Web levert av CustomPublish