Gratis vaksine til kvinner under 25

Er du kvinne? Er du fødd i 1991 eller seinare? Er svaret ja på dei to spørsmåla, ønskjer vi å gi deg ein vaksine som skal førebyggje livmorhalskreft.

Kven er tilbodet til?

Alle kvinner som er fødde i 1991 og seinare, får frå hausten 2016 tilbod om gratis vaksine mot humant papillomavirus (HPV-vaksine) gjennom eit toårig vaksinasjonsprogram. Programmet startar opp i november 2016. Vaksinen er tilrådd til unge kvinner for å førebyggje livmorhalskreft og forstadium til livmorhalskreft forårsaka av HPV-infeksjon.

Her kan du ta vaksinen

  • Jenter mellom 16 og 19 år kan få vaksinen på Helsestasjon for ungdom i Knarvik. Helsestasjonen har ope for vaksinering: onsdagar mellom klokka 16.00 og 17.30
  • Kvinner med fastlege i Lindås kan få vaksine hos fastlegen sin. Ta kontakt med fastlegen for timebestilling.
  • Dersom du bur i Lindås, men ikkje har fastlege her, kan du møte opp på helsestasjonen for ungdom.

Mellombels tilbod

HPV-vaksine har vore ein del av barnevaksinasjonsprogrammet til jenter i 7. klasse sidan 2009. Frå hausten 2016 kan uvaksinerte kvinner som er fødde i 1991 og seinare, også få tilbod om gratis HPV-vaksine.

Programmet er mellombels og varar til og med 1. juli 2019. Vaksinasjonen består av tre vaksinedosar gitt over 6-12 månader og må derfor startast opp innan utgangen av 2018. 

Les meir om vaksinen her

Trykk her for å lese meir på Folkehelseinstituttet sine nettsider

Web levert av CustomPublish