GODT TEAM. Christel Brakstad Bratshaug og Inger Fosse Dalland jobbar som aktivitørar på Alversund dagsenter.

GODT TEAM. Christel Brakstad Bratshaug og Inger Fosse Dalland jobbar som aktivitørar på Alversund dagsenter.

Bok om dagsenter i Lindås

I ein kvitmåla villa rett før brua i Alversund driv Lindås kommune eit dagsenter for heimebuande personar med demens. No har drifta og stemninga på senteret fått plass mellom to permar – til inspirasjon for andre i landet.

– Skriv at dei er veldig flinke!

Ei av dei eldre på Alversund dagsenter lenar seg inn i samtalen. Ho vil ha fram eit poeng, og gir seg ikkje før meldinga er mottatt og notert.

– Lovar du å skrive at dei er flinke? spør ho igjen og nikkar mot aktivitørane på dagsenteret, Christel Brakstad Bratshaug og Inger Fosse Dalland.

– Det er så mange kjekke folk her. Tida går fort på dagsenteret, seier ho.

Christel og Inger smiler. Dei andre eldre kring bordet nikkar. Stemninga er rund og varm. Gjengen har tatt plass kring eit gamalt bord i karnappet med utsikt mot hagen, nabolaget og farleia der Sognabåten går forbi til faste tidspunkt.

Dei har lyst til å fortelje ei historie. Historia er så spesiell at ho har fått sitt eige kapittel i ei nasjonal inspirasjonsbok om dagtilbod for heimebuande personar med demens.

Stolt over boka

Boka heiter «En dag og en reise» og har blitt til gjennom eit samarbeid mellom Kavlifondet, Aldring og helse, Kirkens bymisjon og Sintef. Historiene i boka visar korleis tilsette, brukarar og frivillige ved ni dagsenter går ilag for å skape gode og verdige dagar.

– Det er klart vi er stolte! seier damene bak dagtilbodet i Alversund og løftar boka frå fanget.

– Vi er glade for at andre anerkjenner det vi brenn for. Vi veit at det verkar, men det gjer godt å bli løfta fram som eitt av dei gode eksempla i ei slik bok, seier dei vidare.

Christel og Inger elskar å jobbe på dagsenteret. Når fredagen kjem med helg, lengtar dei etter ei ny veke – ilag med dei eldre, som kjem til dagsenteret frå heile kommunen.

Dagsenteret leiger hus hos Alversund helselag, ein kvitmalt villa frå 1900-talet – med rutete vindage, gamle uthus og hage med plass til ein lavvo med omn. Heimetenesta i Lindås kommune driv tilbodet, som har plass til seks personar og er ope tre dagar i veka.

Heim - ikkje institusjon

Villaen, uthuset og lavvoen er kreativt innreia med brukte møblar, som Christel og Inger har ei eiga evne til å ramle over.

Møblane blir pussa ned og får nye målingsstrøk. Gamle lampeskjermar blir fargerike lysekroner. Svart kvitt-bilete og gamle ting sett saman på nye måtar, skapar eit lunt og heimekoseleg miljø. Christel og Inger gjer det dei kan for å lokke fram gode minne hos brukarane.

– Huset er heilt klart ein av suksessfaktorane! seier dei to og legg til.

– Og nabolaget!

– Og alle ideane!

Damene tar gjerne utgangspunkt i ein ide! Det kan vere noko dei har tenkt på sjølv, eller noko ein nabo kjem med. Stadig bankar nye naboar på døra. Mange vil bidra.

Ein kjem med hund, ei anna med varme julebrød og kransekaker og ein tredje med trekkspel. I fjor tok ein av dei pårørande initiativ til ein båttur. Seinare stilte brannvesenet med båt, slik at gjengen fekk sjøluft i håret igjen!

Facebook og frivillige

Christel og Inger er takknemlege for kvar og ein som bidrar og bankar på døra til det kvite huset i Alversund, og håpar på eit endå tettare samarbeid med naboar og andre frivillige.

Dei set seg stadig nye mål, og utviklar både dagsenteret og staden – slik at kvardagen for dei eldre som er innom blir litt betre for kvar nye dag.

Neste mål på lista til Christel og Inger er:

  1. Ei facebookside med små drypp frå kvardagen på Alversund dagsenter.
  2. Eit system for dei frivillige kreftene, som ønskjer å bidra.
Web levert av CustomPublish