Kommuneplanen sin arealdel

Vi arbeider med å rullere enkelttema i kommuneplanen sin arealdel.

Kommuneplanen er todelt, og består av ein samfunnsdel og ein arealdel. Samfunnsdelen blei vedtatt hausten 2017. Samfunnsdelen legg klare føringar for arealdelen, som skal vise korleis vi skal nytte areala våre. I mars 2018 kom planprogrammet for arealdelen. I planprogrammet står det kva tema vi skal sjå på.

Trykk her for å lese meir om kommuneplanen sin samfunnsdelen.

Trykk her for å laste ned kommuneplanen sin arealdel for 2011-2023.

Kva ønskjer vi innspel på no?

Desse tre kommunedelplanane er ikkje er ein del av arbeidet med rullering av kommuneplanen: 1) Kommundelplan for Lindåsneset med Mongstad, 2) kommunedelplan for Lindåsosane, Lygra og Lurefjorden og 3) kommunedelplan for Knarvik-Alversund med Alverstraumen. Kommunedelplan for Knarvik-Alversund med Alverstraumen er ogås under arbeid - i ein eigen eigen planprosess

Før du kjem med innspel, er det lurt å setje seg inn i kva vi opnar for innspel til. I denne runden inviterer vi til innspel knytt til seks tema: Grønstruktur, landbruk-, natur- og friluftsområde, byggeområde for naust og småbåthamner, bustadutvikling, sentrumsutvikling og næringsutvikling.

Alle seks temaa har ein del avgrensingar, som er presentert under. Vi vil uansett lese og vurdere alle innspel.

  1. Grønstruktur

Vi skal sjå nærare på:

  • viktige og verdifulle  grøntområde i dag; friluftsliv, møteplassar, leikeplassar, turvegar med meir
  • grøntområde vi bør leggje til rette for eller opparbeide
  • aktuelle areal for parkering og tilkomst til eksisterande og nye grøntområder
  1. Landbruk-, natur-, og friluftsområde

Vi ber om innspel til:

  • aktuelle areal for handtering av overskotsmassar
  • justering/endring av omsynssonen for landbruk
  1. Byggeområde for naust og småbåthamner

Vi skal sjå nærare på nye, større naustområde (8 til 15 naust) som møter følgjande krav: 

  • tilkomst med bil
  • parkering
  • tilhøve for gåande og syklande
  • tilgang for ålmenta i naustområda
  • eventuell flytebrygge og kai skal etablerast som felles anlegg for området
  1. Bustadutvikling

Hovudtyngda av bustadbygginga i Lindås kommune skal skje i Knarvik, Alversund og dei definerte nærsentra Ostereidet og Lindås. Det er vurdert at eksisterande bustadareal innanfor nærsentra Ostereidet og Lindås er tilstrekkeleg i planperioden.

  • Innanfor nærsentraavgrensinga ber vi om innspel på mindre endringar/justeringar knytt til nærasentra Ostereidet og Lindås.
  • Utanfor nærsentraavgrensinga ber vi om innspel til mindre byggjefelt/område og spreidd busetnad i nærleiken av eksisterande busetnad og/eller i nærleiken av butikk/skule og liknande. Merk at infrastruktur, tilkomst og terrengtilhøve er sentrale punkt i vurdering av nye, mindre byggjefelt/område og spreidd busetnad.
  • Knarvik og Alversund blir omtalt i arbeidet med Kommunedelplan for Knarvik-Alversund, med Alverstraumen.
  1. Sentrumsutvikling

Knarvik er regionsenteret i Nordhordland og blir også kommunesenter i Alver kommune. Regionsenterutvikling og bustadutvikling i Knarvik er tema i Kommunedelplan for Knarvik-Alversund med Alverstraumen (2018-2035) som er under arbeid.

Kommuneplanen sin arealdel vil sjå nærare på utvikling i dei definerte nærsentra i kommunen, Ostereidet og Lindås. Du kan komme med arealinnspel innanfor dei foreslåtte nærsenteravgrensingane.

  1. Næringsutvikling

Innanfor dette temaet skal vi sjå nærare på fortetting og/eller utviding av eksisterande næringsareal langs hovudfartsårene E39 og Fv57.

Vi skal også vurdere nytt næringsareal langs hovudfartsårene E39 og Fv57.

Slik kjem du med innspel
  1. Bruk det elektroniske skjemaet vårt
  2. Klikk her for å opne skjemaet i eit nytt vindu.
  3. Fyll ut skjemaet og trykk på send.

Du kan også sende innspel på e-post til postmottak@lindas.kommune.no eller til Lindås kommune, Kvernhusmyrane 20, 5914 Isdalstø. Innspelet må innehalde:

  • Eigedom/plassering og dagens bruk (adresse og gards- og bruksnummer)
  • Kartutsnitt. Bruk gjerne Nordhordlandskart – trykk her for å gå til dette kartet.
  • Informasjon om ønsket arealformål/bruk av eigedomen
  • Merk innspelet ditt med «Innspel til kommuneplanen sin arealdel 2019-2031»

Fristen for å komme med innspel er 14. september 2018.

Har du spørsmål?

Ta kontakt med prosjektleiar Marte Hagen Eriksrud på marte.hagen.eriksrud@lindas.kommune.no.

Ønskjer du direkte kontakt med Marte, ring kundesenteret på 56 37 50 00.

Vi arrangerer også opne kontordagar for spørsmål og innspel til planarbeidet.

  • Når? Onsdag i partalsveker (planvakta) frå klokka 09.00 til 15.00.
  • Kvar? Kundesenteret i 1. etasje på rådhuset i Knarvik
Lurer du på kva som gjeld for din eigedom?

Trykk her for å lese ei rettleiing vi har laga til deg!

Web levert av CustomPublish