HeimNyheiterVil du strikka Alver-genseren?

Vil du strikka Alver-genseren?

– Når me vart spurt om dette, heiv me oss rundt. Klart me må ha ein Alver-genser!, seier Berit Løkken som er ansvarleg for design hjå Hillesvåg Ullvarefabrikk. Ho har sjølv designa mange mønster, mellom anna for Redd Barna. Ho skal sitja i juryen saman med representantar mellom anna frå husflidslaget.
– Me ser etter ein genser eller ei trøye som speglar særpreget og identiteten til den nye kommunen. Plagget kan bera preg av både tradisjon og fornying, og bør passa til både vaksne og born, seier ho.
Vil fremja handverkstradisjonar
Det er kulturavdelingane i Meland, Lindås og Radøy som har tatt initiativ til den store design- og strikkekonkurransen, saman med Hillesvåg Ullvarefabrikk og Nordhordland Husflidslag. I juryen sit også kultursjef for den nye kommunen, Eirik Utne.
– Me håper at ein Alvergenser eller kofte kan vera med på å skapa identitet og fellesskapskjensle for dei som bur i Alver kommune. I tillegg ønskjer vi å fremja handverk og tradisjonar i den nye kommunen. Me gler oss veldig til å sjå kva dei strikkelglade i Alver kan få til, seier Utne.
Catwalk og utstilling
Plagga kan leverast inn på biblioteka i Meland, Lindås og Radøy innan 6. september. Eit utval av genserane/trøyene vil verta vist på catwalken i Knarvik Senter under opninga av Ullveka 2019. Etter dette vil dei pryda ei utstilling hjå Hillesvåg Ullvarefabrikk fram til kåringa i januar 2020. På nyåret skal genserane/trøyene rundt på ei vandreutstilling på biblioteka i Alver kommune. Hillesvåg Ullvarefabrikk vil hjelpa til med det tekniske kring å ferdigstilla oppskrifta ut frå vinnaren sine notat, og lagar oppskrifta i fleire storleiker. Vinnaren får ein pengepremie i tillegg til heider og ære.

Reglar for konkurransen:

Strikketrøya eller genseren skal vera mønsterstrikka og ha element som vitnar om identiteten og særpreget til den nye kommunen.

Plagget kan bera preg av både tradisjon og fornying, og me vil ha ei kort beskriving av bakgrunnen for val av mønster.

Genseren/trøya bør kunna passa til både kvinne, mann og born.

Mønsteret må ikkje vera vanskeleg å strikka og gjerne ikkje meir enn 5 fargar dersom ein vel fleirfarga motiv.

Plagget må vera strikka i ullkvalitet frå Hillesvåg Ullvarefabrikk og med pinnetjukkleik 2,5 til 5,0 mm.

Alle bidrag vert anonymiserte og nummererte før overlevering til jury.

Plagget skal vera ferdig montert ved innlevering.

Hillesvåg Ullvarefabrikk eig rettane til vinnarmønsteret, og forvaltar desse saman med Alver kommune og Nordhordland Husflidslag. Hillesvåg Ullvarefabrikk vil selja mønsteret i lag med garn.

Frist for innlevering av ferdigtrikka, montert plagg og mønster: Fredag 6. september, 2019.


Stad for innlevering:
Biblioteka i Meland, Lindås og Radøy. Her fyller ein ut skjema som ein får utdelt med namn og kontaktinformasjon, samt kort om bakgrunn for symbolikk og fargebruk.

For meir informasjon om konkurransen, sjå www.alverkommune.no


Sist oppdatert: 04.03.2019
Publisert: 04.03.2019