HeimNyheiterVi utbetrar tre kommunale vegar

Vi utbetrar tre kommunale vegar

Hellesnesvegen, Kløve og Uglåsvegen skal få ei oppgradering.
Publisert: 13.05.2019
Sist endra: 01.07.2019

Tysdag 21. mai startar vi arbeidet med å frese opp og forsterke tre kommunale vegar:

  • Kommunal veg 1117 - Hellesnesvegen på Hjelmås
  • Kommunal veg 92 - Kløve på Ostereidet
  • Kommunal veg 1204 - Uglåsvegen på Myking

Anleggsperioden er frå mai til juni. Arbeidet vil skje på kvardagar mellom klokka 08.00 og 20.00.

Du som ferdast i områda må rekne med at vegane kan bli stengt i kortare periodar, inntil 30 minutt.

Unnataket er lørdag 25. juni. Då blir det arbeid på vegen på Kløve.

Arbeidet blir utført av Crusher International AS på vegner av Lindås kommune.

Vi planlegg å asfaltere vegane i august.