HeimNyheiterOpe hus i nye Knarvik Arena

Ope hus i nye Knarvik Arena

Kom og sjå kor flott vi har fått det. Vi opnar den nye fleirbruksarenaen vår for alle skuelystne måndag 12. og laurdag 17. august.
Publisert: 09.08.2019
Sist endra: 09.08.2019

Vi ønskjer å invitere alle innbyggjarar og andre interesserte til ope hus i vår flotte, nye fleirbrukshall Knarvik Arena. 

Opningstid

  • Måndag 12. august frå klokka 18.00 til 21.00
  • Laurdag 17. august frå klokka 11.00 til 14.00

Kor finn du oss?

Anlegget ligg mellom Knarvik kyrkje og Lonsvegen. Parkering ved Nordhordlandshallen, Knarvik kyrkje, p-plassar langs Lonsvegen eller Knarvik senter.

Om Knarvik Arena

Knarvik Arena er eit moderne idrettsanlegg med fleirbrukshall i full handball-storleik, klatrehall, buldrerom, kampsportrom og trimsal.

Anlegget ligg under same tak som nye Knarvik barneskule, og her finn du og amfiet «Hjarterommet» med plass til 400 personar, auditorium, møterom, kiosk og kantine. På uteområdet finn du leikeapparat og nærmiljøanlegg som er tilgjengeleg for alle på kveld og helg.