HeimNyheiterVelkommen til innskriving

Velkommen til innskriving

Barn som startar i 1. klasse til hausten, er hjarteleg velkomne til innskriving på skulen sin i veke 5 og 6.
Publisert: 14.01.2019
Sist endra: 17.01.2019

For elevar som skal begynne i 1. klasse i grunnskulen i Lindås kommune hausten 2019, er det innskriving på skulane i veke 5 og 6.

Alle 6-åringar i kommunen, får skriftleg melding om tid og stad for innskriving på ein av skulane i kommunen.

Saknar du invitasjon til innskrivinga? Ta kontakt med rektor på nærskulen din.

Har du flytta?

Har du flytta til kommunen eller flytta til ein annan stad i kommunen etter 1. november, må du ta kontakt med den næraste skulen for å undersøkje om vi har registrert barnet ditt på rett skule.

Har du spørsmål?

Har du spørsmål i samband med innskrivinga og kva krins elevane høyrer til, kan du ta kontakt med skulen eller Kristin Moe, kommunalsjef for oppvekst, på telefon 56 37 52 97.

Om alternativ skulestart

Føresette kan søkje om tidleg eller utsett skulestart. Skal barnet ditt starte tidlegare eller seinare på skulen, må du søkje skulen om dette. Pedagogisk-psykologisk teneste (PPT) gjer ei vurdering av barnet og gir råd til rådmannen som tar den endelege avgjerda.

Om nærskuleprinsippet

Lindås kommune har ikkje fritt skuleval. Nærskuleprinsippet gir likevel elevar rett til å gå på den skulen som ligg nærast heimen. I vurderinga av kva som er næraste skule ligg både geografiske og trafikale tilhøve. Det er Opplæringslova §8-1 som regulerer dette.

Meir informasjon

Trykk her for å lese meir om skulestart, skulekrinsar og nærskuleprinsippet.