HeimAktueltNyheiterVelferdsteknologi

Velferdsteknologi

I 2016 vart Lindås kommune med på eit nytt forskingsprosjekt ved Høgskulen på Vestlandet. Målet er å sjå effekten av eit lokalt responssenter i kommunen.
Publisert: 14.06.2019
Sist endra: 01.07.2019

Dette prosjektet skal vera ferdig i løpet av 2020.

Halvvegsrapport Alarmmottak som sentral utfordring og moglegheit i eit kommunalt omsorgsteknologitilbod.

Lindås Kommune starta opp med omsorgsteknologi i 2012 som ein av dei første kommunane i landet. Det var Høgskulen i Bergen  (no Høgskulen på Vestlandet Campus Bergen) som inviterte Lindås kommune til å vere med i eit forskingsprosjekt med hovudmål: «kommunesektoren utviklar effektive og gode omsorgsløysingar ved hjelp av omsorgsteknologi»
Frå 2013 vart omsorgsteknologi ei ordiner teneste på lik linje med andre tenester i kommune. Her såg ein god effekt for innbyggjarane og kommune, av både aktive og passive sensorar som var knytt opp mot ein tryggleiksalarm i heimen.

Sluttrapport Lindåsprosjektet 2012-2016

Sigrid (93) føler seg trygg på grunn av omsorgsteknologi

Lindåsprosjektet frå eit brukarperspektiv

I 2016 inviterte Lindås til ei innovativ anskaffing og her vart kommunane Askøy, Fjell og Øygarden med. Kontrakt vart inngått februar 2017, og ein har no implementert velferdsteknologi i kommunen. 

Rapport Innovativ offentleg anskaffing Lindås, Askøy, Fjell og Øygarden.

Felles innovativ anskaffing  (film ilag med leverandør)

Dialogkonferansen - brukar case skodespel


Lindås har vore med i dei Nasjonale velferdsteknologi- programma frå starten av.


Lindås kommune er med i Vestlandsprosjektet:  Vestlandsprosjektet- saman om velferdsteknologi


For meir informasjon:  56375116 eller 56375117 og  Responssenteret@lindas.kommune.no