HeimNyheiterVarsel om sprengingsarbeid i samband med prosjektet Kvassnesvegen

Varsel om sprengingsarbeid i samband med prosjektet Kvassnesvegen

I samband med etablering av mellombels bussterminal og rundkøyring vil det bli utført sprengingsarbeid i veke 23, 24, og 25.
Publisert: 14.06.2019
Sist endra: 01.07.2019

Varsling vil bli gjeve med sirene etter følgjande prosedyre: 

  • Tre minutt før sprenging - tre lange støyt
  • Eitt minutt før sprenging - fleire korte støyt
  • Etter sprenging - eitt langt støyt

Det vil bi sett ut vakter (postar) for kvar sprenging, og alle bør følgje instruksane dei gjev.

NB: Ikkje stå i vindauge for å sjå under avfyring av salver. 

 

Førespurnader når det gjeld sprengingsarbeidet kan rettast til bergsprengjar Bjørn Dale på telefon 952 23 784 eller anleggsleiar Pål Oldervoll på telefon 932 58 206.