HeimAktueltNyheiterVaksenopplæringa har flytta

Vaksenopplæringa har flytta

Lindås vaksenopplæring har flytta frå Geco-bygget til gamle Knarvik barneskule.
Publisert: 07.08.2019
Sist endra: 07.08.2019

Skulestart for Lindås vaksenopplæring er måndag 19. august.

Den nye adressa til Lindås vaksenopplæring er Kvernhusmyrane 8, 5914 Isdalstø.

Før sommarferien heldt vaksenopplæringa til i det knall blå Geco-bygget i Kvassnesvegen 27. No har dei fått ny og større plass i dei gamle lokala til Knarvik barneskule.

19 tilsette jobbar på vaksenopplæringa, som gir eit tilbod til om lag 200 elevar. Tilbodet gjeld allereie for elevar i kommunane Lindås, Meland og Radøy. Overgangen til Alver blir med andre ord ikkje stor for dette skuletilbodet.

Kontaktinformasjonen til vaksenopplæringa er som før:

Her kan du lese meir om tilbodet til Lindås vaksenopplæring.