HeimNyheiterTilskotsordning for inkludering av barn i låginntektstfamiliar

Tilskotsordning for inkludering av barn i låginntektstfamiliar

Frivillige organisasjonar, offentlege instansar og private aktørar kan søkje om midlar til tiltak som motverkar eller dempar konsekvensane av fattigdom blant barn og unge. Søknadsfrist er 10.desember.
Publisert: 16.11.2018
Sist endra: 16.11.2018

Målsetting

Gjennom ordninga ønskjer ein å motverke og/eller dempe konsekvensane av fattigdom blant barn og ungdom. Ordninga skal gjere det mogleg for fleire barn og unge å få delta på viktige sosiale arenaer, som ferie- og fritidsaktivitetar, uavhengig av foreldre/føresette si inntekt og sosiale situasjon. Det skal ikkje bli stilt krav om kunnskap, politisk ståstad eller religiøs bakgrunn for å delta. Tilbodet skal så langt det er mogleg ha låge eller ingen kostnadar.

Målgruppa

Målgruppa i tilskotsordninga er barn og ungdom i familar som har eit fattigdomsproblem. Saman med born og unge er også familien i målgruppa, i og med at tiltaket rettar seg mot kultur, fritids- og ferieaktivitetar.

Kven kan søkje?

Offentlege instansar, private aktørar og frivillige organisasjonar kan søkje om midlar.

Meir info om tilskotsordninga

Søknadsfrist

Søknadsfristen for tilskotsåret 2019 er 10. desember 2018.

Søk om tilskot via søknadsportalen til Bufdir 

Har du spørsmål?

Har du allereie tilbod til den målgruppa du søkjer om støtte til eller ønskjer å diskutere moglege tiltak? Ta kontakt med koordinator for ordninga i Lindås kommune:

Har du spørsmål om regelverk eller retningslinjer? Ta kontakt med: