HeimNyheiterStenger gangveg ved Såta

Stenger gangveg ved Såta

Stenginga er ein del av arbeidet med å trygge skulevegen til barna som startar på nye Knarvik barneskule i mai.
Publisert: 14.03.2019
Sist endra: 14.03.2019

Denne veka starta arbeidet, som skal hindre at gåande kryssar E39 mellom Reikeråsbygget og Lonsvegen.

– Vi stenger gangvegen som fører folk over frå Såta til Stallane, og byggjer rekkverk og flettverksgjerde langs denne delen av E39. Målet er å unngå at folk kryssar europavegen på umerka plassar. Vi oppmodar alle, også vaksne, om å bruke undergangane ved Lonsvegen, skysstasjonen og rundkøyringa ved Knarvik senter, seier Haugsdal.

Tiltaka kjem etter dialog med Statens vegvesen og FAU på Knarvik barneskule, og er ein viktig start på arbeidet med å trygge den nye skulevegen.

– Vi har hatt ein god dialog med både Vegvesenet og FAU, og kjem tilbake med meir informasjon om aksjonar for elevane i samband med skulestart, seier Haugsdal.