HeimNyheiterSnart full breibandsdekning i Lindås

Snart full breibandsdekning i Lindås

I 2019 får 777 nye husstandar i Lindås kommune tilbod om breiband.
Publisert: 03.04.2019
Sist endra: 04.04.2019

Lindås kommune har signert ein avtale om utbygging av breiband med NettStar. Etter utbygginga nærmar vi oss 100 % breibandsdekning for dei som bur og driv næring i kommunen.

Bakgrunnen for utbygginga er ei løyving frå Norsk kommunikasjonsmyndighet (Nkom) på 9,1 million i 2016. I tillegg har politikarane sett av 7,5 millionar til utbygginga.

Her kjem utbygginga

Områda som står for tur i år er:

  • Romarheim
  • Vikanes
  • Molvik
  • Storset
  • Hosøy - Nesbø
  • Hindenes
  • Mykingvegen
  • Nevdal - Fjellsenda
  • Hodnekvamme
  • Spjeldneset
  • Lauvås-Saltneset
  • Kvalvågnes - Skodvin - Vågseidet
  • Vassbygdvegen
  • Sandvikavatnet - Toskheim – Høyland
  • Kleivdalsvegen
  • Hjelmtveit
  • Litleskardet
  • Isdal
  • Radøyvegen

Molvik, Andås - Stall, Spjeldneset og Bjørge får tilbod på radioteknologi. I dei andre områda blir det fiber.

Kva kostar det?

Etablering av fiberløysinga kostar 4.962,50 kroner per husstand. Det er ingen etableringskostnad for radioløysinga. Månadsprisen varierer etter kva abonnement du vel.

Fleire tar kontakt med kommunen og spør om dei treng breiband og kva hastigheit dei skal satse på. Det er vanskeleg å gi generelle råd på dette, men dei fleste vil truleg dekke behovet sitt med ei bandbreidde på mellom 30 Mb/s og 100 Mb/s.

Prislista til NettStar
 

Privat

 

 

 

 

 

Fiber

Radio

Fiber

Radio

Båndbredde (inn/ut)

Etablering

Etablering

Abonnement

pris per mnd

Abonnement

pris per mnd

CPE(Customer-premises equipment)

0,-

0,-

0,-

0,-

XS 30/30

4962,50

0,-

429,-

429,-

S 60/60

4962,50

0,-

529,-

529,-

M 100/100

4962,50

0,-

599,-

599,-

L 300/300

4962,50

0,-

799,-

799,-

XL 500/500

4962,50

0,-

999,-

På forespørsel

XXL 1000/1000

4962,50

0,-

1499,-

På forespørsel

 

 

 

Bedrift

 

 

 

 

 

Fiber

Radio

Fiber

Radio

Båndbredde (inn/ut)

Etablering

Etablering

Abonnement

pris per mnd

Abonnement

pris per mnd

CPE(Customer-premises equipment)

0,-

0,-

0,-

0,-

XS 30/30

4990,-

0,-

1990,-

1990,-

S 60/60

4990,-

0,-

2190,-

2490,-

M 100/100

4990,-

0,-

2790,-

3990,-

L 300/300

4990,-

0,-

4590,-

På forespørsel

XL 500/500

4990,-

0,-

6590,-

På forespørsel

XXL 1000/1000

4990,-

0,-

7990,-

På forespørsel

 

Har du spørsmål?

Send ein e-post til fiber@nettstar.no eller ring 56 37 05 00 for å finne ut når du får breiband der du bur eller driv næring.

NettStar vil i løpet av kort tid sende ut meir informasjon om tilbodet. Det kjem også invitasjon til eit informasjonsmøte.

Vi jobbar vidare

Områda som står att etter utbygginga er:

  • Erstadfjellet
  • Fiskeset
  • Fagervollen (Hundvin)

Vi jobbar med å hente tilbod på desse områda også, og kjem tilbake med meir informasjon om det som blir restprosjektet for breiband i Lindås kommune.