HeimNyheiterSkuleskyss på farleg skuleveg

Skuleskyss på farleg skuleveg

Elevar med særleg farleg eller vanskeleg skuleveg kan ha rett til gratis skuleskyss, sjølv om det er kortare enn 4 kilometer til skulen. Sjekk kva trafikksikringsplanen seier om skulevegen til barnet ditt.
Publisert: 26.10.2018
Sist endra: 13.11.2018

Kommuneplanen for trafikksikring 2017-2020 har kartlagt alle skulevegar som er innanfor 4 km frå skulen og delt dei inn i tre kategoriar:

  1. Vegar som er særleg farlege eller vanskelege for elevar i grunnskulealder. Desse vegane er merka raudt i kartet og gir rett til fri skuleskyss etter søknad.
  2. Vegar som er trafikkfarlege, men ikkje på ein måte som automatisk gir rett til fri skuleskyss. Søkjer du om fri skuleskyss på ein veg i denne kategorien, må du ha andre grunnar - til dømes alderen, modninga og funksjonsnivået til barnet ditt.
  3. Vegar som er mindre trafikkfarlege. Normalt får du ikkje fri skuleskyss på ein slik veg.

Trykk her for å laste ned rapporten.

Kven kan søkje om gratis skuleskyss?

  • alle elevar i grunnskulealder som har skuleveg langs særleg farlege eller vanskelege skulevegar (kategori 1)
  • elevar som har trafikkfarleg skuleveg og treng skuleskyss på grunn av alder, modning eller funksjonsnivå (kategori 2)
  • du kan søkje om gratis skuleskyss på særskilt grunnlag og vinterskyss for vegar i kategori 2 og 3

Slik søkjer du

Vi har ikkje eit eige søknadsskjema for slike søknadar, men ber deg om å oppgi følgjande i søknaden:

  • namn, fødselsdato, skule, klassetrinn og adressa til eleven
  • namn og kontaktinformasjon til føresette
  • grunngjeving for søknaden
  • eventuell dokumentasjon på særlege tilhøve (obs: ikkje send sensitive opplysningar på e-post)

Søknaden kan du anten levere til skulen eller sende på e-post til Lindås kommune på postmottak@lindas.kommune.no.

Meir om skuleskyss

Trykk her for å lese meir om skuleskyss.