HeimAktueltNyheiterSjekk når du kan ta influensavaksinen

Sjekk når du kan ta influensavaksinen

Når kan du få vaksinen?

Ta kontakt med legekontoret ditt for nærare avtale om vaksinering.

  • Knarvik legekontor vaksinerer veke 43; tysdag 22. oktober og torsdag 24. oktober frå klokka 16.30 til18.30
  • Lindås legekontor vaksinerer kvar dag mellom klokka 13.00 og 14.30 frå 24. oktober, veke 43
  • Knarvik allmennpraksis vaksinerer måndag – torsdag mellom klokka 09.00 og 11.00, og 13.00 til14.30 frå veke 43
  • Ostereidet legekontor vaksinerer måndag, tysdag, torsdag og fredag i opningstida frå veke 43, gjeld dei som har fastlege ved kontoret.
  • Helsetunet legekontor vaksinerer måndag torsdag mellom klokka 09.00 og 11.00 og 13.00 og 14.30 frå veke 43

Dersom du har legetime kan du få vaksine i samband med denne. Du kan også kontakt legekontoret ditt for nærare avtale om vaksinering.

Er du i risikogruppa?

Folkehelseinstituttet rår følgjande risikogrupper til å vaksinere seg:

  • Alle som har fylt 65 år
  • Bebuarar i omsorgsbustader og sjukeheim
  • Barn og vaksne med:
    • diabetes mellitus, type 1 og 2
    • kronisk luftvegssjukdom
    • kronisk hjarte- og karsjukdom
    • kronisk leversvikt
    • kronisk nyresvikt
    • kronisk nevrologisk sjukdom eller -skade
    • nedsatt immunforsvar
    • svært alvorleg fedme (BMI over 40)
    • annen alvorleg eller kronisk sjukdom
  • Gravide frå 12. uke i svangerskapet

Av førebyggande omsyn, rår vi i tillegg følgjande grupper til å vaksinere seg:

  • Helsepersonell med pasientkontakt
  • Husstandskontaktar til personar med nedsett infeksjonsforsvar
  • Svinerøktarar og andre med regelmessig kontakt med levande grisar. Hovedhensikten med vaksinasjon av svinerøktere er å beskytte grisene mot influensasmitte, og dermed hindre utvikling av virus med nye egenskaper i svinebesetningene.

Meir informasjon om influensavaksine finn du på nettsida til folkehelseinstituttet.


Sist oppdatert: 09.10.2019
Publisert: 08.10.2019