HeimNyheiterOpen hall i vinterferien

Open hall i vinterferien

Lindås Idrettslag tilbyr i samarbeid med Lindås kommune oppen hall i vinterferien. Born under 10 år må ha med foresatt.

Hallane blir som vanleg rigga med ulike aktivitetetar for born og unge, og hoppemadarassa blir sjølvsagt ein del av aktivitetane.

Lindåshallen er open mellom klokka 12.00 og 17. 00. Kiosken blir open desse dagane og det vert pizzabord klokka 15.00 på torsdag. Hugs påmelding til pizzabordet innan onsdag klokka 17.00 til hallvertane i Lindåshallen. Pris: Kroner 50 per person.

Nordhordlandshallen er open i mandag - fredag i vinterferieveka mellom klokka 12.00 og 16.00. 


Sist oppdatert: 18.02.2019
Publisert: 18.02.2019