HeimNyheiterOpen hall i sommarferien

Open hall i sommarferien

I sommarferien blir det open hall i Knarvik og på Lindås i veke 26 og veke 32. I tillegg; måndag - onsdag i veke 33.
Publisert: 20.06.2019
Sist endra: 01.07.2019

Lindås Idrettslag tilbyr i samarbeid med Lindås kommune open hall i sommarferien. Born under 10 år må ha med føresett.

Hallane blir som vanleg rigga med ulike aktivitetetar for born og unge, og hoppemadarassa blir sjølvsagt ein del av aktivitetane.

Lindåshallen er open mellom klokka 12.00 og 17.00

Nordhordlandshallen er open mellom klokka 12.00 og 16.00.