HeimAktueltNyheiterNy bussterminal i Knarvik 14. oktober

Ny bussterminal i Knarvik 14. oktober

Måndag etter haustferien flyttar skysstasjonen i Knarvik til E39 ved Knarvik Senter.
Publisert: 03.10.2019
Sist endra: 03.10.2019

Stasjonen skiftar samstundes namn frå «Knarvik skysstasjon» til «Knarvik terminal».

Knarvik terminal får fire perrongar. Skyss sine bussar finn du på perrong A, B og C. Fjordekspressen sine bussar skal bruke perrong D til påstiging i retninga frå Bergen. 

Haldeplassen som heiter Kvernhusmyrane og ligg sør for den nye terminalen, blir berre haldeplass for Fjordekspressen sine bussar.

Her kan du parkere

Du kan parkere ved sida av den gamle skysstasjonen som før.

Slik går du til terminalen

Den nye terminalen ligg nedanfor Meny i Knarvik Senter.

Har du gått til den gamle skysstasjonen etter gamal vane? Følg skilt til den nye terminalen. Skilta tar deg gjennom gangtunnelen under E39 og over på rett side av vegen.

Endring i rutetidene

Skyss endrar nokre av avgangane sine mellom klokka 14.30 og 15.30 på kvardagar. Endringane kjem på linjene 311, 320, 325, 326, 340 og 353.

Oppdaterte rutetider finn du på reiseappen eller nettsida til Skyss.

Kva perrong skal du på?

Perrong A:

  • 300 Bergen busstasjon
  • 300E Bergen busstasjon ekspress

Perrong B:

  • 300 Alver
  • 301 Knarvik kai
  • 311 Feste
  • 313 Nesse
  • 320 Alver - Straume - Manger
  • 326 Radøy - Mastrevik
  • 330 Lindås - Mastrevik
  • 340 Frekhaug - Skjelanger

Perrong C:

  • 350 Leknes - Eidsnes - Ostereidet
  • 353 Masfjorden - Ådnekvam
  • 361 Høylandsmyr o/Sandvikdalen
  • 912 Mo

Perrong D:

  • NW431 - VY430 Fjordekspressen - mot Førde