HeimNyheiterNy barnehage på Lindås

Ny barnehage på Lindås

I 2021 skal ein flunkande ny barnehage stå klar på Lindås.
Publisert: 28.06.2019
Sist endra: 01.07.2019

Oppstart av prosjektet blei vedteke i kommunestyremøtet torsdag 27. juni.
– For barn, føresette og tilsette blir det ein ny kvardag når Kolås barnehage skal erstattast med eit heilt nytt bygg, seier prosjektleiar Sandra Waage.
Den nye barnehagen har ei kostnadsramme på 69,9 millionar. Åsane Byggmesterforretning AS (ÅBF AS) har saman med HLM arkitektur AS og Norconsult AS vunne konkurransen om forprosjektet.

Etterlengta samlokalisering

I dag er Kolås barnehage delt inn i to bygg. Det at heile barnehagen no vert samla betyr at barna vil få vere i lag i same bygget. Til dømes vil søsken no kunne treffast lettare i løpet av barnehagedagen. I tillegg kan foreldra levere og hente søsken på same stad.

– Føresette og tilsette i Kolås barnehage har venta lenge på nytt barnehagebygg, og er svært glade for at ny barnehage no er eit faktum, seier Mona Hagewick, einingsleiar for barnehagesektoren.

Det nye bygget har og ein langt betre kvalitet på det fysiske miljøet.
– Vi arbeidar godt med utviklinga av eit kvalitetsrikt pedagogisk fagmiljø, og den nye barnehagen vil ha eit fysisk miljø som jobbar saman med dei, seier Hagewick.

Utvikling nærsenter

Utbygginga er ein del av utviklinga av Lindås som nærsenter. Barnehagen får ei flott plassering nær, Lindås barneskule og idrettsanlegget.
– Den nye barnehagen har plass til 99 barn, og skal dekke det framtidige behovet i området, fortel Waage.
No skal prosjektet inn i ein tett samspelsfase med entreprenøren. Dei siste detaljane skal på plass før byggjestarten i april 2020. 

Har du spørsmål?

Ta kontakt med prosjektleiar Sandra Waage, sandra.waage@lindas.kommune.no 

Slik er teikninga av den nye kommunale barnehagen. Byggjestart blir i april 2020. (Illustrasjon: Åsane Byggmesterforretning AS, HLM arkitektur AS, Norconsult)