HeimNyheiterOpnar Myking skule for normal drift

Opnar Myking skule for normal drift

Prøvar viser at platene i ventilasjonsanlegget er av gips. Elevar og lærarar vender difor til normalen etter lunsj torsdag 7. mars.
Publisert: 03.03.2019
Sist endra: 06.03.2019

Under ein årleg service på venitlasjonsanlegget til Myking skule, fann vi plater av uvisst opphav i viftehuset.

Sidan skulen er frå 70-talet og vi veit at det vart brukt plater med asbest på den tida, valte vi å stenge hovudbygget til vi fekk svar på prøvar som er tatt av platene. 

No visar prøvar av platene at dei er av gips.

Elevar og tilsette flyttar tilbake til  hovudbygget og har skule som normalt frå etter lunsj torsdag 7. mars.

6. og 7. klasse har eit eige opplegg dei tre siste timane torsdag 7. mars. Dette går som planlagt.

Rektor Turid Grov takkar for støtte frå bygda. Ho rosar også fleksible og kreative lærarar, som har gitt elevane på skulen gode, alternative dagar.

Foreldre og tilsette på skulen er varsla.