HeimNyheiterHar du meiningar om korleis Lonena skal vere i framtida?

Har du meiningar om korleis Lonena skal vere i framtida?

Plan- og miljøutvalet har lagt framlegg til områdeplan for Lonena ut på høyring og offentleg ettersyn. Vi håper på å få innspel frå deg, innan fristen 31. juli 2019.
Publisert: 14.06.2019
Sist endra: 01.07.2019

Alt planmateriale finn du her:

Trykk her for å gå til høyringssida vår.

Informasjonsmøte

Vi arrangerer folkemøte og opne kontordagar i juni. I folkemøtet presenterer vi planframlegget og opnar for debatt.

På dei opne kontordagane kan du komme og stille spørsmål om planframlegget.

Kva?

Når?

Kvar?

Open kontordag

14.juni.2019 kl. 08.30-12.00

Nordhordlandshallen, kantina

Folkemøte

17. juni

Kl. 18.00-20.00

Knarvik barneskule,

Amfiet

Open kontordag

20.juni.2019

Kl. 14.00-18.00

Knarvik kyrkje,

kjellaren

Slik kjem du med innspel

Vi har sendt planmateriale direkte til alle berørte, men alle kan komme med innspel til planen innan fristen 31. juli 2019.

Innspelet ditt sender du til postmottak@lindas.kommune.no eller med post til Lindås kommune, Plan‐ og miljøutvalet, Kvernhusmyrane 20, 5914 Isdalstø.

Merk sendinga med saksnummer 2014/5177.

Endeleg godkjenning

Etter framdriftsplanen skal områdereguleringsplanen handsamast i kommunestyret 26. september 2019.