HeimNyheiterLindås kommune digitaliserer utsending av faktura

Lindås kommune digitaliserer utsending av faktura

Lindås kommune har fokus på digitalisering for å redusere kostnader og effektivisere oppgåver, og for å yta betre og meir framtidsretta tenester til innbyggjarane.
Publisert: 21.01.2019
Sist endra: 22.01.2019

Eit ledd i dette arbeidet er at vi no har starta med automatikk kring utsending av fakturaer. Vi ønskjer å sende minst mogleg papirfaktura, som er det mest kostbare alternativet både for kommunen og kundane.

Kva konsekvenser har dette for deg?

Har du avtaleGiro- eller eFaktura-avtale med kommunen i dag, vil du ikkje merke nokon endring.
Den nye løysinga inneber at alle faktura som kommunen sender ut vert forsøkt levert i følgjande rekkefølgje :

  • AvtaleGiro
  • eFaktura
  • Vipps 
  • Digital postkasse (DigiPost, eBoks)
  • e-post
  • Levert som papirfaktura i postkassa di.

Avtalegiro

Dersom du har AvtaleGiro, vil betalingsvarselet bli varsla frå bank som i dag eller distribuert digitalt.
AvtaleGiro opprettar du i din eigen bank, og er ei god løysing for deg som ikkje har nettbank eller andre digitale løysingar. Melding om komande trekk vil du få på kontoutskrift frå banken din, eller som eigen varsling frå kommunen.

e-faktura

eFaktura avtale oppretter du i eigen nettbank, og du vil få alle faktura frå kommunen direkte inn i din nettbank klar til godkjenning. Du kan og kombinere eFaktura med AvtaleGiro

Faktura via Vipps

Dersom du ikkje har AvtaleGiro eller eFaktura vil vi forsøke å sende deg faktura via Vipps. Dette føreset at du brukar Vipps og at du har aktivert tenesta Vipps rekningar under innstillingar i Vipps-appen.

Faktura i Digipost/eBoks

Får vi framleis ikkje sendt faktura til deg, vil vi forsøke å sende faktura til din Digitale postboks. Dette føreset at du har oppretta digital postkasse, Digipost eller eBoks, og at du ikkje har reservert deg mot mottak av digital post frå det offentlege

Faktura som vedlegg i e-post

Om du ikkje har AvtaleGiro, eFaktura, Vipps eller Digital postkasse, kan du få faktura tilsendt på epost. Ta kontakt med rekneskapskontoret i kommunen får å få lagt inn korrekt epost på ditt kundenummer.

Papirfaktura

Er det ikkje mogleg å sende fakturaene digitalt på annan måte, blir fakturaen sendt som brevpost. 

Faktura som skal sendast til rekneskapsfører/annan mottakar enn deg sjølv

Har du i dag ein rekneskapsfører som mottek faktura på vegne av deg eller annan mottakar, vil dei nye distribusjonsformene (Vipps, Digital postkasse innbygger) overstyre dersom kunden er registrert med personnummer. Då blir faktura sendt til kunden istadenfor “annen mottaker”. Vi anbefaler difor dykk som har “annan mottakar” til å ikkje inngå avtale om Vipps eller Digital postkasse.

Her kan du sjå video som forklarar digital faktura for deg