HeimNyheiterInnspelsmøte til næringsutvikling i Alver

Innspelsmøte til næringsutvikling i Alver

Velkommen til innspelsmøte på rådhuset i Knarvik, tysdag 14. mai frå klokka 14.00 til 16.00.

 

Tema for møtet

Vi er særleg interesserte i korleis kommunen kan styrke rolla som tilretteleggjar og samarbeidspartnar for det lokale næringslivet. 

Tema for diskusjonen vil mellom anna vere:

  • Infrastruktur og planverk
  • Næringsareal
  • Byggjesaker
  • Næringsutvikling
  • Service og informasjon
  • Dialog og samarbeid med næringslivet

Ordførar Astrid Aarhus Byrknes ønskjer velkommen til møtet. Deretter held næringssjef Tanja Hoel ei innleiing om arbeidet med næringsutvikling i Alver kommune, før vi opnar for dialog og innlegg frå salen.  

Vi har ikkje høve til å gå inn i enkeltsaker på dette møtet.

Påmelding og innspel

Sei ifrå at du kjem til leiar for næring og utvikling i Alver kommune, Tanja Hoel, innan 10. mai 2019.

Har du innspel til næringsarbeidet i Alver?

Send gjerne eit skriftleg innspel innan 30. mai 2019. Merk med "innspel næringsutvikling" i emnefeltet. Vi ber om at innspela ikkje er på meir enn ei A4-side.

Alle innspela er offentlege og blir journalført.


Sist oppdatert: 13.05.2019
Publisert: 07.05.2019