HeimNyheiterInnspel til nye breibandsområde?

Innspel til nye breibandsområde?

Vi har ti namn på lista over område som manglar breibandsdekning. Manglar vi namn på lista?
Publisert: 06.05.2019
Sist endra: 06.05.2019

Vi jobbar for full breidbandsdekning i Lindås kommune. Mykje er bygd ut i 2018, og mange nye område får eit tilbod i løpet av 2019.

No lurar vi på om du kan hjelpe oss med å finne ut kva som står att.

Snart full breibandsdekning i Lindås.

 

Desse plassane står att

Etter sist runde har vi laga ei liste med namn på ti plassar med utilfredsstillande dekning. 

Stemmer denne lista?

  1. Elsås
  2. Erstadfjellet
  3. Fiskeset
  4. Seimsvatnet
  5. Hundvin - Fagervollen
  6. Keilegavlen
  7. Sundsbø
  8. Eikangervåg
  9. Dyrkolbotn
  10. Remmo

 

Med «utilfredsstillande breidbandsdekning» meiner vi at det ikkje er tilgang til breiband med kapasitet på 30 Mb/s eller meir – uavhengig av om dette skjer via fiber, radio eller telefonlinjer (adsl/vdsl via Telenors kopartråd).

Slik kjem du  med innspel

Send ein e-post eller tekstmelding til prosjektleiar i Lindås kommune, Ole Jakob Aarland.

Siste frist for å komme med innspel til lista er 10. mai 2019.