HeimNyheiterFriluftslivets veke

Friluftslivets veke

Norsk Friluftsliv er paraplyorganisasjon for 17 friluftslivsorganisasjonar, og står bak Friluftslivets veke. 31. august til 8. september blir det ei rekkje arrangement rundt om i heile landet. 

I tillegg til friluft-medlemsorganisasjonar står ei rekkje andre organisasjonar, kommunar, friluftsråd, frivilligsentralar for arrangement og aktivitet i denne friluftsfesten.

Registrer ditt arrangement i den landsdekkande kalenderen

Arrangementer og aktivitet for heile veka er samla på www.friluftslivetsuke.no. I 2018 var det over 1300 arrangement registrert i kalenderen. Nye arrangement kan registrerast her: https://friluftslivetsuke.no/legg-til-arrangement/

Nytt i år er at det blir trekt ut ein pengepremie på 2500 kroner til ein aktør som har registrert eit arrangement i kalenderen, som kan brukast på tiltak eller innkjøp. Trekninga skjer etter Friluftslivets veke.

Ut på tur

Inne på www.friluftslivetsuke.no ligg artiklar som kan delast, materiell og informasjon. Der melder du og om endring av arrangement. 

Eit av arrangementa under Friluftslivets veke er Nordhordland turlag sin tur til Sørdalsnuten, den høgaste toppen i Alver.

God tur!


Sist oppdatert: 29.08.2019
Publisert: 29.08.2019