HeimNyheiterEttermiddagsseminar om sorg

Ettermiddagsseminar om sorg

Denne kvelden blir det sett fokus på born og unge si oppleving av å vera pårørande til foreldre og søsken ved sjukdom og død. Temakvelden rettar seg mot personale i skule og barnehage, helsepersonell, prestar, PPT, barnevern og andre interesserte.

Marianne Straume er føredragshaldar og psykologspesialist. Ho er tilsett på klinikk for krisepsykiatri der arbeidet omfattar psykologisk oppfølging etter kriser og alvorleg sjukdom. Ho har i mange år leia det psykologiske arbeidet med born og unge, og deira familiar ved Barneklinikken på Haukeland Universitetssjukehus.

Arrangør er kreftkoordinator i Lindås, Meland, Radøy, Modalen og Fedje saman med Alversund Sokneråd. 

Pris: Kr 100,-, kontantar eller Vipps.

Påmelding innan 12. februar til

Anne-Britt.Hauge@lindas.kommune.no


Sist oppdatert: 04.02.2019
Publisert: 24.01.2019